Forsiden

Høringssvar fra Arne Sivertstøl

Dato: 30.09.2019

Som innbyggjar og grunneigar i Ulstein og hytteeigar Vanylven, som begge liggi analyseområde 20, (Sunnmøre og Nordfjord), område 48 i nasjonal ramme, Søre Sunnmøre og Nordfjord så ønskjer eg ikkje vindturbinar i dette området. Dette fordi vi som nasjon og samfunn har eit ansvar å ta vare på jordkloda og behandle den godt for framtidige generasjonar. Det gjer ein ikkje ved å rasere den på styggast mogleg måte. Dei planlagde inngrepa vil prege jordkloda i all framtid og vil ikkje la seg dekke over. Store annleggsområde for all framtid i urørt natur, er ikkje å ta vare på jordkloda. Det er heller ikkje med på å bidra positivt til FN sin rapport om biologisk mangfald. Vindturbinar lagar støy som plagar både mennesker, dyr, fuglar og innsekt. Dei drep fuglar og innsekt i stor stil, forureinar området dei står i og bidrar ikkje noko i den store samanhengen på å bevare klimaet på jorda.