Høringssvar fra Laila Haukeland
Takk.
Nå kan det kanskje virke litt rart å innlede med eit takk i denne saken. For eg er imot denne rammeplanen som foreligger.
Eg er sjølv frå Masfjorden kommune og fra meg er det klart Nei takk til vindkraftutbygging både i Masfjorden og nabokommunene som deler fjella med oss.
Så kvifor eit takk?
Eg vil sei takk for påminnelsen om kor viktig naturen er for oss som kjenner på motstanden til denne industriutbygginga som bygger ned naturområder.
Naturen har ein egenverdi som er mykje større enn oss sjølve. Kanskje me alle alt for lenge har tatt naturen som er gitt oss som ein selvfølge? Kven er me som sett oss til «dommer» over kva art som har verdi i seg sjølv eller ikkje til overlevelse?
Den forringelsen av artsmangfoldet må ein gong ta slutt tenker eg, då kan ein ikkje berre fortsette å utarme natur med industri....
Det er heilt klart mange som har sendt inn tallmateriale omkring det så det utelet eg.
Eg vil heller ta til ordet for menneskelige verdier for dei har eg til fulle fått kjent på sjølv sidan konsekvensene av vindkraftutbygginga kom for dage. Livet fungerer ikkje «normalt» lenger, og det gjeld for mange fleire enn meg.
Me er alle sammensett av ulike identiteter utfra kven me er og den sosiale strukturen ein veks opp i.
For meg som er oppvokst på gård i naturnære områder så er eg fra barns bein lært opp til at ein skal ivareta natur og gård på ein slik måte at ein leverer det vidare i samme eller bedre stand til neste generasjon.
Me har naturen berre til låns for ettertida.
Respekt for alt levande er kjempeviktig lærdom å ta med seg, også i forvaltning. Alt levande.
Og som ein del av kystfolket føler eg meg trakka på, i kjerneverdier som ligg djupt. Det å vokse opp naturnært både med sjø og land former deg som menneske i større grad enn kva ein kanskje tenker over. Og som menneske er me ulike.
Unike ulike som menneske men også sammenlignbare. Det er mange av oss som rett og slett treng naturtilknytning for å fungere. Rett og slett treng natur som næring for å oppleve sinnsro.
Me treng stillheten for å kjenne oss sjølve i oss sjølve og høyre våre egne tanker. Eg har høyrt fortalt frå fleire eldre med funksjonsnedsettelse om savnet etter å kunne gå i stilla aleine i naturen uten å føle på ensomhet, fordi naturen krev ingenting av oss. Kanskje derfor me trives så godt me som velger å bu på bygda.
Det er fleire enn meg som treng å innta gjennom sansene fargespillet i naturen, luktene, lydene, naturkreftene og naturens stillhet for å fungere som menneske. Det er ikkje foruten grunn at det å bevege seg i natur blir sett på som helsebringende både fysisk, psykisk og mentalt.
Dette står no til forringelse i mange lokalsamfunn med denne utbygginga uten at det blir hensyntatt i nokon større grad.
Så når voksne folk og bestemødre brest i gråt i sin motstand mot vindkraftindustrien så er det fordi dette gjer vondt. Det smerter djupt djupt inni oss å sjå at naturens egenverdi og dets verdi for oss ikkje blir hensyntatt.
Nasjonaldrakta vår, den rike naturskatten vår står for fall, det smerter.
Verden treng nokon grøne friområder, så det er ikkje berre for eigen del at me har eit ansvar men også for tilreisende.
Det som har skjedd meir i motstanden mot vindkraftutbygginga er at det rokker ved samfunnstilliten vår. Det svekkes tillit til sentralmakter, folk mot folk, makt og avmakt i slik ein grad att ein ikkje kjenner sitt Norge igjen.
Kva er det som skjer?
Kor fattige er ikkje me om me øydelegg trua og tilliten i folket gjennom ei industriutbygging som splitter oss i felleskapet som folk? Eg trur ikkje det var tanken at det skulle skje, men det skjer, no....
Kanskje dette skulle være ein kraftig påminning til oss alle om å ikkje ta for gitt dei ressursene som er naturgitt til oss til forvaltning til beste for ettertida?
Ein påminning om kva som er verdifullt for oss i kjerneverdier når faren for å miste det truer?
Påminning om verdier som gir oss livsglede.
Det å forvalte handler ikkje berre om å utnytte og høste av ressursene men også om ivaretakelse. Ivareta på ein måte som ikkje knekker ressursene, alle ressursene. Respekt og ansvar for det naturgitte og alt levande.
Det er ingen skam å snu.
Så eg vil sei takk for ein påminning om kva som er viktig for meg i kjerneverdiene mine, sjølv om det har medført både tårer, sorg og smerte.
Eg håper de vil verdsette meir dei verdiane ein ikkje kan halde i handa... og ivareta mulighetene til naturtilknytning som menneske også for ettertida ... og avstå frå å være til forringelse for videre artsutryddelse.
Så takk. Og samtidig nei takk til vindindustri som forringer natur, fauna og økosystem.
Med venleg helsing
Laila Haukeland