Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn
Referanse: 385519
Vindmøller/turbinar lagar støy, sjølv om ein får beskjed om det motsette.
Dei drep millionar, om ikkje milliardar, av insekt som me må ta vare på i forhald til pollinering og fuglemat.
Dei drep eller skadar og torturerar fuglar, står i vegen for trekkbaner og øydelegg hekkeplassar. Øydelegg for allereie sårbare artar.
Lagar altfor store sår i naturen når dei skal opp.
Det blir brukt altfor mykje kjemikaliar for å vedlikehalde, fjerne is, risiko for lekkasjar. Bruk av helikopter, transport frå andre land osb. Livsfarleg i nærleiken. Skade på dyr, fuglar og menneske heile året. Dette vil igjen også gjere altfor stor skade på naturen.
De kan ikkje seie at me alle må ta vare på naturen, fuglar og insekt i eine augneblinken, for deretter å snu og skulle øydelegge alt med noko de kallar klimavennleg i andre augneblinken. Dette er ikkje rette vegen å gå! Bruk logikk.