Forsiden

Høringssvar fra Astrid Jeanette Dommersnes

Dato: 01.10.2019

Vindkraft i Kvinnherad

Eg er tilflyttar til Rosendal med familien min. Vi flytta grunna det rike av kultur tilbodet og naturopplevingar Rosendal byr på. Vi har mange mogelege turopplevelser, små og store turar i fjellet, ved sjøen og i skogen.

Vi vil at våre barn og barnebarn skal kunne oppleva kjent og kjær natur, fjell og fjord slik vi kan utan at landskapet er øydelagt av store, skjemmande inngrep for å leggja til rette for vindkraftutbygging!

Fyrste april i år presenterte Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) sitt framlegg til ein nasjonal ramme for vindkraft på land i Norge på oppdrag frå Olje og energidepartementet (OED).

Store delar av Kvinnherad frå Blådalen - Fjellhaugenområdet tett opp mot Folgefonna Nasjonalp ark via fjellet i Uskedalen, Husnes og Utåker til Halsnøy, Fjelberg og Borgundøy inngår i denne planen som moglege framtidige område for vindkraftanlegg.

I Kvinnherad er 85% av vassdraga bygd ut gjennom omfattande vasskraftutbygging dei siste 70 åra og mange småkraftverk i den seinare tid.

3% av landets grøne energi blir produsert i Kvinnherad. Dette set sitt preg på store delar av naturen med anleggsvegar, regulerte vatn og elvar, store damanlegg, høge mastar, tippar og fyllingar.

Det er ytterlegare potensiale innan kommunen til oppgradering av eksisterande anlegg. Kvinnherad gjer alltid seriøse og grundige vurderingar av dei prosjekt som vert fremja ved å sjå nytte for samfunnet opp mot dei naturinngrep og ulemper prosjektet kan medføra. Det er difor av verdi å merkja seg følgjande: Då denne høyringa om vindkraft var oppe i 2019 sa eit samla kommunestyre eit eintydig nei til landbaserte vindkraftanlegg i Kvinnherad. Dette er eit tungt argument for å ta alle områder av Kvinnherad ut or planen.

Utbygging av vindmølleanlegg vil øydeleggja desse enda vakre landskapa sin verdi som friluft og rekreasjonsområde med skadeverknader på natur, artsmangfold. dyr, fugl og insektsliv.

Inngrepa vil vera permanente og irreversible i form av opptil 250 m høge turbinar med støy opp mot I 10 desibel, blinkande høgintenst lys og farlege iskast frå turbinane vinter stid.

Landskapet vil bli omgjort til eit industriområde med store skjæringar, oppstillingsplassar og anleggsvegar.

Med Baroniet Rosendal som hovudattraksjon kjem mange tilreisande til Kvinnherad for å oppleve denne unike kombinasjonen av natur og kultur.

Baroniet er mellom anna kjent for den storslåtte landskapsparken med rosehagen og eit rikt og variert årleg kulturprogram med konsertar, borggårdsteater, foredrag og kunstutstillingar.

Baroniet Rosendal er på mange måter synonymt med tettstaden og kulturbygda Rosendal med sine vakre omgjevnader ved innløpet til Hardangerfjorden tett opp mot Folgefonna nasjonalpark.

Tilbodet av reiselivsopplevingar i området er i stadig utvikling , med bl.a. fokus på den rike båtbyggartradisjonen i Rosendal , landskap og økosystemet knytt opp mot nasjonalparken presentert i Folgefonna Nasjonalparksenter og småskala økoturisme med organiserte aktivitctar basert på bruk av land skap og natur.

Reiseliv og turisme blir ei stadig viktigare næring i Kvinnherad med natur og kulturopplevingar som basis og vil bli sterkt skadelidande dersom desse planane vert realisert.

I eit folkehelseperspektiv er tilgang til vakker natur og friluftsliv særs viktig. Å nytte natur, landskap og kultur til rekreasjon og friluftsliv sommer som vinter vil bli ødelagt dersom det blir vindkraftutbygging. Dette vil og verka negativt i høve tilflytting og rekruttering til lokalt arbeidsliv, trivsel, folkehelse og livskvalitet generelt.

Oppsummering – konklusjon

For Rosendal vil vindkraftanlegg med høge blinkande turbinar og massive naturinngrep til dømes på Nonshaug - Solfjell, mellom Omvikdalen og Uskedalen, vera visuell forureining. Det vil sterkt forringa den opplevinga og dei unike kvalitetane vi ønskjer å ta vare på i vår bygd og kommune.

Eg krev at Kvinnherad vert teke ut av Nasjonal Ramme for Vindkraft!

Helsing

Astrid Jeanette Dommersnes

30/09/2019