Forsiden

Høringssvar fra Nei til vindkraft i Setesdal

Dato: 01.10.2019

Høyringssvar vedr. Nasjonal ramme for vindkraft på land.

Vi viser til NVE sin nasjonale rammeplan for vindkraft med høyringsfrist 1. oktober 2019.

Gruppa ”Nei til vindkraft i Setesdal” har jobba aktivt med forslaget gjennom heile prosessen og i hovudsak konsentrert oss om Bygland kommune som ein del av Setesdal og Agder. Vi har deltatt på folkemøte, innspelsmøte, paneldebattar og elles søkt kunnskap gjennom media og ulike ressurspersonar.

Konklusjonen til gruppa er eit prinsipielt nei til landbasert vindkraft med m.a.fylgjande grunngjeving:

  • Vi reddar ikkje det globale klimaet ved å byggje ned vår eigen natur – så langt ingen dokumentasjon på klimaeffekten. Viser òg til uttalen frå FN’s Naturpanel 6. mai d.å.
  • Vi treng ikkje denne krafta. Oppgradering av noverande vasskraftverk vil langt på veg dekke det framtidige behovet.
  • Forskninga på alternative energiformer går rivande fort; landbasert vindkraft er truleg snart utdatert til fordel for havvind, bylgje- og solkraft.
  • Vi kan ikkje berre sette vår lit til teknologien – forbruket vårt må ned, og godene fordelast på ein meir rettferdig og etisk forsvarleg måte.

Når det gjeld ”våre område” i forslaget frå NVE, har vi desse kommentarane:

  • Vi støttar kommunestyrevedtaka frå Bygland og Evje & Hornnes kommune og kommentarane frå sakshandsamarane der.

I tillegg vil vi understreke:

  • I omtalen av Aust-Agder i forslaget grunngjev NVE arealvalet med gode produksjonsforhold og lågare konfliktnivå enn andre stader i landet. Det kan bli nødvendig å byggje ut relativt mykje vindkraft i fylket for å dekke kostnader i samband med produksjonen. Aust-Agder framstår, seier NVE, som eit av dei mest eigna områda for ny vindkraftutbygging i landet. Når det i tillegg blir sagt at planen omhandlar nasjonale og regionale forhold – ikkje lokale, ser vi føre oss så store irreversible inngrep i urørde heieområde – nokre av dei tilnærma villmark - at det trugar både friluftslivet og livskvaliteten for oss menneske og biotopane for sårbare dyre – og fugleartar.
  • Setesdalskommunane – langs heile Otravassdraget - må sjåast i samanheng, både når det gjeld natur og kultur. Når no Setesdal er i ferd med få sin velfortente plass på UNESCO si kulturarvliste, vil roterande vindturbinar vere ein svært uheldig kulturkollisjon.
  • Vi minner òg om det store bidraget setesdalskommunane allereie har gitt til ”det grøne skiftet” i form av fornybar vasskraft.
  • Levande bygdesamfunn treng samhald og gode mellommenneskelege relasjonar. Vi ser alt no korleis utbyggjarane si framferd er i ferd med å gjere lokalmiljøa våre om til stridsarenaer. Dette er uverdig !!
  • Vi håpar at landbasert vindkraft nokså fort vil bli fasa ut – og bed om at dei aktuelle områda i Bygland kommune blir tatt ut av Nasjonal ramme for vindkraft.

Kristin Straume Torgeir Moseid Gunnar Haugå Beate M Waarøe Helge Vollen

Torkjel Sandnes Kim Andre N Thorstensen Siri Aamlid Kari Ose Evensen Gunnar Attestog Torhild Austad

Nei til vindkraft i Setesdal”