Forsiden

Høringssvar fra egil magne holthe

Dato: 30.09.2019

Eg er imot at det skal byggjast vindmøller i Kvinnherad

Det er mange grunnar til at eg er imot dette, men den viktigaste grunnen er at vindmøller vil rasere naturen vår. Det vil kreva enorme areal rundt kvar enkelt vindmølle, og det vil også kreve like store og enda større areal til veier i terrenget. Dette vil igjen trua dyre- og fuglelivet i området.

Så kjem sjølsagt også det estetiske. Det er stygt og skjemmande. Mykje av næringslivet i Kvinnherad er knytta til turisme. Område der folk no ferdast, vil fort bli utilgjengeleg pga vindmøllene. Det vil bli forbudssoner rundt sjølve vindmøllene. Fjellidyllen vil bli broten. Svaneheia er eit fint namn og eit flott område. Etter utbygging vil det kanskje få namnet Turbinheia. Det er ikkje det same.

Det er ikkje bra at naturvernarar og klimaforkjemparar kunstig blir sett opp mot kvarandre slik det er nå. Under påskudd på å fremja klimasaken skal det byggjast vindmøller i urørt natur. Det blir feil at ein må øydeleggja verneverdig natur og dyreliv for å fremja klimasaken. Ein må jo av og til kompromisse med dette, men det som nå skjer er eit altfor grovt overtramp.

Det som skjer i andre kommunar nå er heller ikkje med på å gjera meg meir positiv til dette vindmølleprosjektet. I ein kommune på Jæren har utbyggjarane bygt ut tre gonger meir enn det dei hadde konsesjon på.

Viss demokratiet skal fungere i dette landet, må styresmaktene lytta til lokaldemokratiet denne gongen. Viss me ikkje får bestemma over denne viktige saka, kva skal vi då få bestemma over? Kva pålegg elevane skal få ha på skulematen?