Høringssvar fra Ron overdevest
Nasjonal ramme for vind på land er ein dødsdom for eksisterende økosystem!
Sett vekk frå klimaeffekten, som mangler totalt når produksjonen av stålet i turbinen med masten og kostnadene med etablering av installasjonene pluss fjerning og tilbakeføring etter bruk er klimaeffekten i beste fall lik 0..... sett vekk frå klimaeffekten altså må ein rekne med ein endring av økosystemet berre på grunn av den fysiske effekten at nedsatt vindmengde på lesiden av turbinen må gje høgare temperatur og dito endring av økosystemet. Underteikna er så gammel at eg husker det var ein tid på 70 tallet der leplanting for auka jordbruksproduksjon var statens råd til jordbrukarane. Leplanting reduserer vindstyrken og ga temperaturauka på lesida. Dette er overførbart til effekten av vindturbiner som transformerer vind til energi. Vinden på baksida av turbinen vil avta og temperaturen vil auke. På grunn av denne temperaturauka vil økosystemet endre seg. Eit tillegg vil jo også være effekten av reduserte mengder predatorer som skuldast fysiske kollisjonar med installasjonene, turbiner og linjenettet.
Det vert også meldt frå om infralyd effekt på jordboande organismer og ein legg merke til nasjonal ramme har lite eller intet å melde om effekten av infralyd på liv.
Vindkraft på land er ein blindveg som vil ha uerstattelige fylgjer for økosystemet. Eg ber OED på det kraftigaste å nekte videre vindkraftutbyggjing til lands.