Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 904374

Dato: 22.09.2019

Nei, til vindindustri i Hyllestad, Fjaler, Gaular og Høyanger. Vi brukar dei vakre fjella våre og naturen til rekreasjon for menneske og dyr.

Her er beiteland for sau, hjort, ville dyr, fuglar og insekter og rike bærplassar og moltemyrar finst i desse områda.

Vi har merka turløyper, for korte turar og lange dagsturar. Fjellvatn som vi brukar til drikkevasskjelder og til fiskevatn. Stølar og hytter som ligg i område 19 i national ramme.

Folket, formannskap og kommunestyra i dei 4 kommunane har alle vedtatt : Nei, til vindkraft-industri i naturen vår.

Vi har folkestyre og demokrati og storting og regjering må styre etter dei norske lover og stoppe denne unyttige raseringa av vår vakre natur. Vi kan ikkje redde klima ved å øydelegge naturen vår!!!

Så lite effektiv straum ein får av vindturbinane, i samanligning med vasskraft, er det ufatteleg at vi ikkje utbetrar eksisterande vasskraftanlegg, i staden for å rasere Norge med vindindustri. Mange land har slutta å bygge vindturbinar fordi dei gjev for lite og ustabil kraft. Dette bør Norge ta lærdom av.

Stopp all utbygging av vindindustri i Norge straks. Grøne sertifikat blir heilt feil!! 💪💪

Norge skal vernast, ikkje raserast!!! 🇳🇴🇳🇴🇳🇴

Vi skal ha eit trygt og godt land å leve i for oss og våre etterkommarar. 🍀