Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn
Referanse: 151643
Gode NVE.
Eg har lese gjennom forslaget dykkar og studert karta de har brukt som grunnlag for arbeid med Nasjonal rammeplan for vindkraft.
Mitt svar på dykkar høyringsutkast følgjer under.
Eg har lese gjennom forslaget dykkar og studert karta de har brukt som grunnlag for arbeid med Nasjonal rammeplan for vindkraft.
Mitt svar på dykkar høyringsutkast følgjer under.
- Vindindustri øydelegg urørt natur og trugar biologisk mangfald i dei områda den vert bygd ut.
- Vindindustri øydlegg verdifulle rekreasjonsområder. Menneske som har valgt å busette seg nære naturen vert fråtekne livskvalitet, husa og eigedommane deira vert reduserte i verdi. Dei opplever turbinane som sterk visull forureining, og bur dei nære nok vil lyden turbinane lagar, gje eit vedvarande ubehag. Dag og natt.
- Utbygging av vindindustri øydelegg for turist- og reiselivsbransjen.
- Vindindustri i Noreg er inga klimasak. Eg er er oppteken av naturen og miljøet, og det gjer meg trist å sjå korleis denne nedbygginga av fjell og utmarker seglar inn under falskt flagg. Sjølv om nokre rekneskap syner at trubinane greier eit energioverskot i forhold til produksjon- og installasjonskostnader er nettorekneskapen framleis uklar. Samalikna med vasskraft så kjem den verkeleg til kort.
- Vindindustrien opplever subsidiebonanza. Dei insentiva selskapa får, er utan samanlikning. Det skattebetalarane sin pengar.
- Vindindustri representerer ingen sunn, norsk fordelingspolitikk. Vi har eit godt land å bu i. Godt eigarskap, spesielt i energisektroen har bidratt til industrieventyr, arbeidsplassar og høg sosial mobilitet. Vindindustrien er kjenneteikna av det motsette. Mindre selskap og aggresive byråkratar bearbeider kommunar og grunneigarar og sel seg ut til utanlandske investorar når papirarbeidet er gjort. Kommunan sit at med ein liten skjerv, om dei vel å ha eigedomsskatt. 80 % av turbinane som er i drift i dag er eigd utanfor noregs grenser.
- Vindkraft reduserer verdien av eksisterande vasskraft, motverkar oppgradering av vasskraftverk og krev store investeringar i nettet.
Mi sterke oppmoding er at de ikkje berre skrinlegg Nasjonal ramme for vindkraft, men at de trekk attende dei konsesjonane som er gitt, og at de set ein stoppar for vindkraft-kapittelet for denne gong.