Høringssvar fra Aina Korssund Måkestad

Dato: 22.08.2019

Svartype: Med merknad

Eg stiller meg sterkt imot utbygging av vindkraft i Kvinnherad - og ellers i landet. Bevaring av natur og miljø bør vær første prioritet i heile landet.

Eg vaks opp i Ullensvang, men har budd i Kvinnherad i mange år. Nærleiken til fjord, fjell og urørt natur var ein av hovedfaktorane for at eg valgte å slå meg til ro nettopp her.

Naturen er ein kilde til ro, refleksjon og rekreasjon for meg og mine tre born. Tanken på at borna mine ikkje skal få høve til å nyta den roen og friheten som urørt natur gir, er rett og slett utenkelig. Me har eit ansvar for å ta vare på naturen for framtidige generasjonar, ikkje øydelegga den.

I ei tid der helsekøane auke og fleire slit med både psykiske og fysiske vanskar er naturen for mange den einaste staden å finna lindring. Å øydelegga detta for at utenlandske investorar skal få meir pengar i lommo er uakseptabelt.

Utbygging av vindkraft kjem i tillegg til å øydelegge for turismen her i Kvinnherad.

Vindkraft vil gje negative konsekvenser for friluftsliv, dyreliv, folkehelse og rekruttering av nye innflyttarar til kommunen. Det fins mykje bedre løysningar som ikkje inneber rasering av naturen vår, til dømes opprusting av dei vasskraftverka vi allereie har i kommunen.

Det er ikkje rett at vår natur skal raserast for at andre land skal forsynast med straum.