Forsiden

Høringssvar fra Hordaland fylkeskommune

Høyringsuttale - "Kunnskapssektoren sett utenfra"

Dato: 11.04.2016

Svartype: Med merknad

Høyringsuttale frå Hordaland fylkeskommune (HFK) med atterhald om politisk vedtak.

Rapporten «Kunnskapssektoren sett utenfra» avdekker at sektoren er stor og kompleks og har eit fragmentert og uoversiktleg apparat som er vanskeleg og ressurskrevjande å styre. HFK er samd i at sektoren er prega av at det er mange verksemder med uklare grenser og at strukturen kan ha vakse fram utan ein klar plan. HFK er samd i dei fleste av dei overordna tilrådingane i rapporten, men har to merknader til ekspertgruppa sine tilrådingar til framtidig organisering.

  • Om fylkesmannen
    • Fylkesmannen hadde tidlegare ei sterkare rolle i arbeidet med rettleiing og rådgiving mot skular og barnehagar. Denne oppgåva blei flytta til Udir for å sikre at fylkeskommunar og kommunar fekk same oppfølging, og at arbeidet med kvalitet og utvikling skulle vere samla i eit større organ. HFK meiner at ansvaret for desse oppgåvene framleis skal ligge i Udir, og det kan vere behov for å styrke denne delen av Udir.
    •  
  • Om SIU
    • SIU har ei viktig rolle i arbeidet med den heilskaplege tilnærminga til internasjonalisering som verkemiddel for kvalitet og relevans i utdanning, forsking, vaksenopplæring og arbeidsmarknad. SIU er eit kompetansesenter som samordnar tiltak på tvers av sektorane på nasjonalt nivå. SIU er med sitt sterke fagmiljø og unike kompetanse ein god støttespelar for både skular og skuleeigar, og for HFK og dei vidaregåande skulane har det vore udelt positivt å ha SIU plassert i Bergen. Dersom oppgåvene til SIU blir delte mellom eit nytt forvaltningsorgan for høgare utdanning som ekspertgruppa føreslår, og Udir, vil SIU sine oppgåver bli ein del av mange ulike oppgåver i ein allereie stor portefølje. HFK meiner at tilnærminga til internasjonalisering som ein integrert del av utdanning og forsking ikkje vil bli like synleg dersom oppgåvene blir delte på fleire organ. HFK meiner at SIU bør vidareførast som eit forvaltningsorgan og bli tildelt fleire oppgåver, som til dømes godkjenning av utanlandsk utdanning. I eit regionalt perspektiv vurderer HFK det også som viktig å halde på kompetansen og arbeidsplassane knytt til SIU si verkemd.