Høringssvar fra Fitjar kommune

Dato: 23.03.2022

Vedtak fatta i Fitjar formannskap 16.03.2022 (samrøystes) i sak PS 28/22:

1.Fitjar kommune støttar høyringsframlegget.

a) Til høyringsnotatet pkt. 3.2.1.:

- Fitjar kommune meiner at det ikkje ligg føre reell lokal forankring om å halda på strukturen som gjeld i dag.

b) Til høyringsnotatet pkt. 3.2.2:

- Fitjar kommune støttar departementet sitt framlegg til endring i domstollova § 33 c, 2. ledd, slik at det berre unntaksvis skal vera høve til å bestemma at to eller fleire domstolar skal ha felles domstolleiar.

c) Til høyringsnotatet pkt. 3.2.3:

- Fitjar kommune støttar ikkje felles saksinntak. Dersom fordeling av saker på tvers av domstolane skal finna stad, må det skje frå sak til sak og etter lokal domstolleiar sitt samtykke.

d) Til høyringsnotatet pkt. 4:

- Fitjar kommune støttar framlegget om å auka bevillingane til domstolane for å tilsetja fleire embetsdommarar ved mindre rettsstader.

2. Fitjar kommune legg til grunn at det fortsatt vert arbeida for å finna felles lokale for tingretten og jordskifteretten på øya Stord, fortrinnnsvis i eit nytt Statens hus.

Møtebok etter handsaming av saka er vedlagt.

Vedlegg