Høringssvar fra Sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett, rettstad Volda

Dato: 26.04.2022

HØYRINGSUTTALE – ENDRINGAR I DOMSTOLSTRUKTUR

Det vert vist til høyringsbrev av 26. januar 2022 med høyringsfrist 26. april 2022 for uttale i spørsmålet om endringar i domstolstrukturen. Underteikna var sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett og er i dag tilsett som dommar ved Møre og Romsdal tingrett. Etter ei samla vurdering har eg kome til at ein, i alle fall i vårt distrikt, vil vere best rusta til å handtere dei utfordringane domstolane står overfor, ved å gjeninnføre tidlegare domstolsstruktur.

Prosessen fram til dagens struktur og formålet med dagens struktur

Dagens struktur vart til gjennom raske forhandlingar mellom regjeringa Solberg og Frp som ein del av budsjettforhandlingane, og er utan fagleg forankring. Resultatet skulle mellom anna vere likeverdige rettstadar, betre ressursutnytting, større fagmiljø, betre rekruttering, og auka aktivitetsnivå for dei små rettstadane. Eitt år etter reformen trådte i kraft, ser vi dessverre at det motsatte skjer på alle desse områda.

Rettstadane i Møre og Romsdal er ikkje likeverdige. Det synes å skje ei omfordeling og overføring av ressurar frå Volda til Ålesund. Talet på saker som vert iretteført i Volda har gått dramatisk ned. Det er eit merkbart press på at hovedregelen om at saker skal iretteførast der dei tidlegare hørte heime, må vike for unntaket. Det daglege fagmiljøet har blitt mindre både for sakshandsamarar og dommarar, noko som også går utover det rettssøkande publikum. Medan ein før til ei kvar tid hadde tre dommarar og fire sakshandsamarar ved kontoret, er dagens retningslinje at det skal vere ein dommar tilstade ved kontoret kvar dag. Det varierer kven denne dommaren er. Ein ser at dommarane ved rettstad Volda brukar opp til 70 % av tida si på å reise og gjennomføre saker i Ålesund eller Kristiansund/Molde. Det er ikkje god ressursutnytting at dommarane bruker tida si på å reise rundt istadenfor å drive dømmande verksemd. Talet på søkarar til ledige stillingar er redusert til under det halve av det det var då Søre Sunnmøre tingrett var sjølvstendig domstol. Erfaringa er at svært godt kvalifiserte søkjarar med lokal tilknytning ikkje når opp, og begge utlyste dommarstillingar knytt til rettstad Volda, har gått til søkjarar med tilknytning til Ålesund.

Rettstryggleik

Domstolane si fremste oppgåve er å ivareta innbyggjarane sin rettstryggleik.

I Grunnlova vår finn vi fleire av rettstryggleiksprinsippa nedfelt, slik som legalitetsprinsippet (§ 113), uskyldspresumsjonen og at ingen skal kunne dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom (§96), retten til ein rettferdig rettargang og retten til å få saka si avgjort av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid (§95), at alle er like for lova (§98) osv. Det kontradiktoriske prinsipp er også ein viktig del av rettstryggleiken, det same er prinsippet om offentlegheit. Fleire av desse prinsippa følgjer også av menneskerettane og den Europeiske Menneskerettskonvensjon.

Det er alvorleg når leiarar for tunge juridiskfaglege organisasjonar hevdar at rettstryggleiken til innbyggjarane er i fare dersom ein gjenopprettar den tidlegare domstolsstrukturen. Verken Strukturutvalet for herreds-og byrettene (NOU 1999:22) eller Domstolkommisjonen (NOU 2019:17 og NOU 2020:11) påviste kvalitetsforskjellar i måten små og store domstolar ivaretek innbyggjarane sin rettstryggleik på. Det vart heller ikkje påvist årsakssamanheng mellom storleiken på ein domstol og den kvaliteten som vert levert. Riksrevisjonen har undersøkt effektiviteten til domstolane og viste at det var effektivitetsgevinstar å hente både hos små og store domstolar og at det ikkje var årsakssamanheng mellom effektivitet og storleiken på ein domstol. Historisk sett har også tilliten til domstolane i Noreg vore høg, med den desentraliserte strukturen ein har hatt.

Det er mi erfaring at dagens domstolsstruktur verken er eit eigna eller eit nødvendig virkemiddel for å handtere dei utfordringane ein har i domstolane og som det synes brei semje om at ein må løyse.

For at innbyggjarane skal kunne ivareta sin rettstryggleik, er det viktig at dei har tilgang til god juridisk rådgjeving utan for store kostnader. Ein lokal sjølvstendig domstol med stadleg leiing er med på å sikre dette. Dette ser ein godt i vårt eige distrikt. Etter at Søre Sunnmøre tingrett vart vedtatt oppretthalde i 2015 etter å ha vore nedleggingstrua i fleire år, kom det opp fleire nyetablerte advokatar og advokatkontor i rettskrinsen. I Nordfjord, der den lokale tingretten vart nedlagt, har ein hatt motsatt utvikling og det lokale juridiske fagmiljøet har nesten forsvunne heilt.

Særleg i barnesaker er dette viktig, fordi foreldra i desse sakene gjerne møter fleire gongar både i fylkesnemnd, familievernkontor og i retten. At ein desentralisert domstolsstruktur er ein fordel i barnesaker er også framheva av dei sakkyndige i vedlegg til høyringsfråsegn frå advokatane i Nordmøre og Romsdal Advokatforening og det vert vist til denne uttalen.

Fagleg kvalitet

Det er viktig å oppretthalde høg fagleg kvalitet i domstolane. Ved ei gjenoppretting av tidlegare domstolsstruktur kan ein ta vare på det beste ved dagens domstolsstruktur, slik som samarbeid om rutiner og faggrupper på tvers av geografi, samtidig som ein også her kan bli betre. Fagleg kvalitet heng ikkje saman med domstolen sin storleik.

Stadleg leiing med personal og administrativt ansvar for dei tilsette, er viktig for å få ei god oppfølging av kvalitetsarbeidet ved domstolen. Dette er også viktig for arbeidsmiljøet og eit godt arbeidsmiljø har også innverknad på kvaliteten på arbeidet som vert ytt.

I dag vert domstolane berre målt på kvantitet, dvs. saksavviklingstid for den enkelte sakstype og tal timar i retten per sak (og då slik at til færre timar til bedre er det – noko som i seg sjølv kan gå ut over kvaliteten).

Denne målinga bør balanserast slik at domstolane blir målt også på kvalitet. Dette kan gjerast ved at ein blir målt på og fører statistikk over dommar frå ting-og lagmannsrettar som vert oppheva pga td inhabilitet, manglande domsgrunnar, øvrige saksbehandlingsfeil eller andre typiske kvalitetsparameter. Dette kan ein truleg enkelt oppnå ved å legge til ein funksjon i domstolane sitt saksbehandlingssystem Lovisa. Dette er også informasjon som vil vere viktig for domstolleiar å få i sitt kvalitetsarbeid. Vidare bør også domstolane målast på i kva grad dei tilsette gjennomfører kompetansehevande tiltak.

Det er viktig å legge til rette for gode kompetansehevande tiltak for alle tilsettingsgrupper i domstolane, og særleg innan dei barnefaglege sakene. Her vil Domstoladministrasjonen ha eit særleg ansvar for å hyre inn eksterne med særleg kompetanse. Det er viktig med kompetansetiltak både på det juridiske, men også det reint barnefaglege og korleis dommarar og andre tilsette skal forhalde seg til voksne og barn i krise og lojalitetskonflikt. I barnesaker er kompetansen til dommarane og dei tilsette ved domstolen avgjerande for kvaliteten på gjennomføringa av sakene. Storleiken på domstolen er ikkje ein faktor i dette.

For å syte for effektiv fagleg oppdatering kan det opprettast regionale faggrupper på tvers av domstolane både for dommarar og saksbehandlerar. I desse gruppene er det faget som står i fokus og ikkje den enkelte sak og det har inga betydning om deltakarane i gruppa tilhøyrer ulike domstolar. Dette kan tvert om vere ein fordel då ein får fram ulike perspektiv og erfaringar. Møter i faggruppene foregår også i dag digitalt og dette kan fortsette med same frekvens som i dag også om tidlegare domstolsstruktur vert gjenoppretta.

Istadenfor at kvar domstol lagar eigne retningslinjer for dei ulike sakstypane slik det er i dag, bør dette sentraliserast slik at vi i størst mogleg grad får nasjonale retningslinjer for sakshandsaminga for sakstyper der dette er naturleg, slik vi td har for barnesaker. Dette sikrar lik handsaming av like saker i heile landet og vil vere eit viktig moment i kvalitetsarbeidet. Dette arbeidet er det naturleg at Domstoladministrasjonen styrer og det er viktig at utvalet som jobbar med slike rutiner består av ei breidt samansett gruppe der representantar frå domstolar av ulik storleik og geografisk plassering er med.

I dagens struktur har dommarfullmektigane kontor på rettstadar utan stadleg leiing med personal- og administrativt ansvar. Dei har såleis ikkje tilgang til den daglege formelle og uformelle faglege og personlege rettleiing og oppfølging som dei hadde då rettstadane var sjølvstendige domstolar med stadleg leiing. Gjenoppretting av tidlegare domstolsstruktur er såleis også viktig for å sikre kvaliteten i dommarfullmektigordninga, som igjen vil styrke den faglege kvaliteten i domstolane.

Tiltak for å styrke små domstolar og sikre effektiv ressursutnytting

I tillegg til det som er sagt over, vil det vere viktig å styrke bemanninga ved dei små domstolane. Det bør relativt sett vere fleire embetsdommarar enn dommarfullmektigar i dei små domstolane enn i dei store domstolane. Dette har den sittande regjeringa alt tatt tak i, noko som er svært positivt.

Erfaringa frå Møre og Romsdal tingrett er at måten ein organiserer arbeidet på, også vil ha betydning for kor robust domstolen er. Det har vist seg at på sakshandsamarsida har Søre Sunnmøre tingrett, no rettstad Volda, vore den mest robuste av alle domstolane i fylket, nettopp på grunn av måten arbeidet har vore organisert på, ved å ha fokus på kompetansehevande tiltak for alle sakshandsamarar for alle type saker, generalisering av oppgåver på sakshandsamarnivå og intern erfaringsutveksling og samarbeid. Dette kan ein ta med seg vidare inn i ei gjenoppretting.

Der det er naturleg, bør ein vurdere å justere rettskrinsgrensene for å sikre eit sakstilfang som er stort nok til å oppretthalde talet på tilsette i dei minste domstolane. I vår region kan dette gjerast ved å tilbakeføre Ulstein og Hareid kommuner til Søre Sunnmøre tingrett (slik det var fram til 1967) og i tillegg inkludere Stryn og eventuelt Stad kommuner. Då legg ein til rette for at Søre Sunnmøre tingrett kan ha 4-6 dommarstillingar. Dette vil sikre at domstolane i regionen vert om lag jamnstore og ein vil då truleg også bremse framtidige forslag om nedlegging av domstolen.

Det bør leggast til rette for at domstolar med ledig kapasitet kan hjelpe domstolar med lang saksavviklingstid. Heimelen for dette finns alt i domstolslova og var i bruk også før strukturreforma. Denne kan om naudsynt endrast slik at det vert eit vidare høve til dette. Både før og etter endringa i domstolsstruktur, er dette teknisk mogleg og godt brukt ved at ein gir ein dommar frå ein nabodomstol tilgang som tilkalt dommar i saksbehandlingssystemet. No når alle saker er digitale, er dette enda enklare enn det var før digitaliseringa av domstolane.

Måten domstolane vert målt på ifht saksavvikling, bør reviderast slik at den oppmodar til ressursdeling. I dag er det slik at dersom ein dommar frå domstol A tek ei sak for domstol B som tilkalt dommar, så kjem dette berre domstol B til gode og domstol A framstår som mindre effektiv enn den eigentlig er medan domstol B framstår som meir effektiv. Dette har gjort at somme domstolar nektar å hjelpe andre domstolar med mindre saka fullt ut vert overført til dei, noko som er til hinder for ei effektiv ressursutnytting då ei slik overføring ikkje alltid vil vere forenlig med saka og partane sine interesser.

Forskrift om felles leiing

Forskrift om felles leiing bør opphevast. Då den vart vedtatt vart det presisert at den kun unntaksvis skulle nyttast. Erfaringa viser at felles leiing raskt vart hovudregelen til tross for klare uttalar i forarbeida. Felles leiing viste seg å vere forstadiet til samanslåing og nedlegging av lokal domstol. Skal ein sikre sjølvstendige domstolar med stadleg leiing, synes det såleis påkrevd at denne forskrifta vert oppheva. Skulle det vere rekrutteringsvanskar for leiarar til somme domstolar, bør dette løysast på andre måtar enn ved felles leiing.

Stadleg leiing

Det er grunn til å presisere at å innføre stadleg leiing på rettstadane som eit alternativ til gjenoppretting av sjølvstendige domstolar, ikkje er ein garanti for at domstolsaktiviteten på staden vert oppretthalde. Regjering og Storting kan ikkje legge seg opp i domstolsleiar sin styringsrett og det vil vere opp til domstolleiar å avgjere kor mange og kva for typer saker som skal iretteførast ved den enkelte rettsstad. Erfaringa frå reforma viser at allereie no er det fleire stader overføring av ressursar og saker frå små rettstadar til hovudkontoret i by der domstolleiar sit til dagleg. I tillegg vert det brukt svært mykje tid og ressursar på at dommarane reiser mellom rettstadane, noko som ikkje er bærekraftig over tid. Ved gjenoppretting av Søre Sunnmøre tingrett og ei justering av rettskrinsgrensene, kunne ein heller brukt desse ressursane på å gjennomføre saker, kompetansehevande tiltak, oppgradering av utstyr osv., noko som ville kome brukarane av domstolen direkte tilgode.

Avslutning

Det er fint at regjeringa anerkjenner at eit fagmiljø er større enn leiarane for dei ulike domstolane og juridiske institusjonane, slik at ein har opna for ei brei høyring der også tilsette i domstolane og ulike brukarar av domstolane, kan få uttrykke si meining. Desse utgjer også viktige og store fagmiljø. Å legge til rette for at ulike synspunkt kjem til orde er viktig for demokratiet.

Uavhengig av kva løysing ein frå politisk hald kjem fram til, er det viktig at det no vert ro rundt spørsmålet om domstolsstruktur slik at dei tilsette i domstolane kan bruke all sin energi og kompetanse på den dømmande verksemda.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik

Møre og Romsdal tingrett, rettstad Volda.