Høringssvar fra Gloppen kommune

Dato: 26.04.2022

Høyringssvar endring i domstolstruktur frå Gloppen kommune.
Eg gjer merksam på at denne formelt vert handsama i kommunestyret i morgon, 27. april. Endeleg uttale kan bli endra i handsaminga der. Endeleg vedtak vert sendt etter kommunestyremøtet.

Mvh

Leidulf Gloppestad
Ordførar i Gloppen kommune

Høyringssvar:
Fullverdig jordskifterett på Nordfjordeid.

Gloppen kommune tilrår at jordskifteretten på Nordfjordeid vert omgjort til eigen rettskrins med sjølvstendig stadleg leiing. Framover må det vere eit mål å vidareutvikle og styrke rettstadane.
Gloppen kommune meiner at rettsstadene må sikrast lovmessig, der Stortinget bestemmer struktur og organisering. For Gloppen kommune er det viktig med ein bemanna rettstad, og at fagmiljøet og har høve til å utvikle seg.
Når ein gjennopprettar strukturen som var før domstolreforma i 2021 sikrar ein at brukarane og lokalsamfunna får nærleik og eigarskap til jordskifteretten, og at innbyggjarane vert sikra ei god rettssikkerheit og tilgjengelege tenester på lang sikt. Vi meiner og at dette vil vere den beste løysinga med tanke på rekruttering og for å oppretthalde eit godt fagmiljø på sikt. Dette er heller ikkje til hinder for kompetanseutveksling mellom dei andre rettskrinsane Førde og Sogndal.
Når det gjeld utvikling av gode arbeidsforhold og fagmiljø er det viktig at tilsette og tillitsvalde sine rettar vert ivaretekne.