Høringssvar fra Vestre Slidre kommune

Dato: 30.03.2022

Kommunestyret i Vestre Slidre er nøgde med at omorganiseringa av domstolane har ført til meir samarbeid mellom rettsstadene i Vestre Innlandet. Samtidig meiner ein at dette samarbeidet bør domstoladministrasjonen kunne vidareføre innanfor ein struktur med eigne sorenskrivarar på kvar av rettsstadene. Å ha sorenskrivaren på rettsstaden handlar om langsiktig å ta vare på rettsmiljø i distrikta og er eit signal om at desse stadene har rettsleg tyngd og skal satsast på framover. Vestre Slidre kommune ønskjer difor at sorenskrivarembetet og jordskifteverket skal ha sete og styrast frå Valdres.