Høringssvar fra Hordaland jordskifterett ved tillitsvalde for Parat, NITO og Tekna

Dato: 25.04.2022

SVAR PÅ HØYRING OM ENDRING AV DOMSTOLSTRUKTUR

Dei tilsette ved Hordaland jordskifterett i foreningane NITO, Tekna og Parat har fylgjande felles svar på ei mogeleg reversering av domstolstrukturen.

Heilt frå 2016 har ein hatt felles leiing mellom dei tidlegare jordskifterettane Indre Hordaland og Nord og Midhordland. Dette var fyrst som ei prøveordning i om lag eit år der ein så fekk koma med tilbakemeldingar på korleis det hadde fungert. Tilbakemeldingane har heile tida vore gode, og det har vore full tilslutnad i dei to domstolane om at dette har vore ei god løysing. Små domstolar med få tilsette innan for dei ulike faga har me erfart at kan vera meir sårbare.

Det at me no er vorten Hordaland jordskifterett ser me på som ei vidareføring av felles leiing som har synt seg å fungera svært godt, og me føler at me no er vorten endå meir eit samla lag. Ein del organisatoriske og byråkratiske skrankar ser ein også er borte når ein no er vorten ein rettskrets.

Dei største fordelane med den nye domstolen er at me har fått eit større fagleg og sosialt fellesskap. Det er ikkje tvil om at me på denne måten kan utfylla kunnskapen til dei tilsette meir effektivt.

Det er store variasjonar i rutinane mellom dei ulike domstolane. Samanslåing av domstolar til større rettskretsar, gjer at ein får fleire felles rutinar og jobbar smartare basert på fleire erfaringar og idear.

Blant ingeniørane har me til dømes nokon med gode kunnskapar om veg og skog ved Vossakontoret, og andre som er sterkare på oppmåling ved Bergenskontoret. Slik kan me dra vekslar på kvarandre og gi brukarane våre enno betre tenester. Det er òg slik at ved Vossakontoret så er ofte oppmåling og merking vanskeleg å gjennomføra i vinterhalvåret. Når me er ein domstol, kan ingeniørar ved Vossakontoret i denne delen av året ta saker i ytre delen av Hordaland. Tilsvarande kan ingeniørar ved Bergenskontoret ta saker i sommarsesongen i indre deler av Hordaland. Me vert difor meir effektive med å vere ein samanslått domstol med to rettsstadar.

Rettsmekling har dei seinare åra vorte ein større og større del av ingeniøren si arbeidsoppgåve. Hordaland jordskifterett er blant dei fremste i landet på dette. Den faglege ressursen ved Bergenskontoret, felles leiing og større fellesskap blant ingeniørane har vore heilt avgjerande for at me har kome i ein slik posisjon. I forbindelse med rettsmekling er det nemleg svært viktig å kunna dra vekslar på mange og ulike erfaringar til felles fagleg utvikling, og ein kan takla ugildskap ved eventuelle brot i mekling.

Dommarane gjennomfører saker sjølvstendig, uavhengig av om me er to domstolar eller ein domstol med to rettsstader. Kvaliteten på avgjerdene vert den same, uavhengig av organisering. Med større fagmiljø, vert det enklare å sikre framdrift i einskildsaker, med tanke på både ugildskap, sjukefråvær og for saker som må prioriterast utanom tur.

For saksbehandlarane har me sidan 2016 i stor grad arbeidd på tvers i dei to domstolane via saksbehandlingssystemet og bistått kvarandre ved fråvær, utfordringar og høg arbeidsmengd. Mange av arbeidsrutinane var nokså ulike, og me har difor hatt eit høgt fokus på å samanlikna og forbetre rutinane på begge kontor dei siste 5 åra. Når me no vart slegne saman til ein domstol vart overgangen minimal for oss samanlikna med andre domstolar som ikkje har hatt felles leiing. Dei endringane som kom ved samanslåing har utelukkande vore positive for oss og har forenkla arbeidet med å jobbe på tvers av kontora på fleire måtar. Sidan me no har eit felles sentralbord og postmottak, frigjer me tid for saksbehandlarane og er mindre sårbare ved fråvær. Samtidig beheld me nærleiken til brukarane våre, noko me meiner er viktig for å oppnå tillit.

Eit større fagleg fellesskap har også gjort at me har kunna ta på oss fleire sentrale arbeidsoppgåver i fagleg utvikling innan mekling, brukarstøtte og kompetanseutval. Fleire av dei tilsette er engasjert sentralt av DA til dette. Dette styrkjer rettskretsen. Å ha ein felles identitet som ein domstol gjer at læringsmiljøet er betre. Me har no eit fokus på å arbeide best mogeleg ilag i staden for å tvihalde på gamle rutinar.

Generelt:
Den nye strukturen har virka i mindre enn eit år, og no setja i gang at med ei ny omstrukturering vil kosta økonomisk, det vil gå ut over effektiviteten og menneskeleg føra til ei stor belastning for dei tilsette i domstolen. Tidlegare hovudverneombod for domstolen i landet, har utifrå dei tilbakemeldingane ho har fått, påpeika dette som eit stort problem. Me ser i alle fall ikkje fram til å gå attende til noko me ikkje ynskjer, og som no fungerer godt.

IT og den digitale utvikling ser me også for oss vil stoppa opp, då all kapasitet innanfor feltet vil måtte brukast på reverseringa.

I høyringsbrevet frå departementet er det opning for at dommarar kan delast mellom domstolane. Skal då saksbehandlarane forhalda seg til to leiarar? Ei slik løysing som høyringa her legg opp til vil skapa uryddige arbeidsforhold for å løysa fordelane som forsvinn med ei reversering.

For å sikra rettstadane for framtida, ser me det som ei god løysing at rettsstadane blir lovbestemt, gjerne med krav om ei minste bemanning.

Oppsummert:

Hordaland jordskifterett bør vidareførast som i dag då den har gitt oss ein meir effektiv domstol med breiare kunnskap og større fagleg og sosialt fellesskap for dei tilsette. No må me sjå framover og finna dei beste løysingane basert på dagens situasjon og heller bruka midlar på dette enn millionar på ei reversering.

Den gjennomførte strukturendringa munnar etter vår meining ut i eit betre tilbod til brukarane totalt sett, og me er alle einige om at det er brukarane som her skal vera i sentrum.

Denne uttalen er samrøystes frå dei NITO-, Parat- og Tekna- organiserte ved Hordaland jordskifterett. Dette utgjer alle tilsette ved Hordaland jordskifterett.

Voss, 25.4.2022

Sigbjørn Hauge, tillitsvald NITO

Audun Bruflot, tillitsvald Tekna

Kari Nestaas Ruud, tillitsvald Parat