Høringssvar fra Time kommune

Dato: 25.03.2022

Konsekvensane for Time kommune av domstolreforma i 2021 var minimal. Namnet på tingretten vart endra og leiinga flytta frå Sandnes til Stavanger. Det er ikkje registret at den lokale forankringa eller tingrettens forståing for lokale høve har blitt svekka.

Ei tilbakeføring til slik det var før 2021 vil på same måte ha mindre konsekvensar for kommunen, korkje negativt eller positivt.

I rettskretsen for Sør-Rogaland tingrett er det naturlig å vurdera konsekvensane av reforma som størst for kommunane i Dalane samt Sirdal. Desse hadde før reforma eigen rettskrets med utgangspunkt i tingretten i Egersund, og fekk følgeleg størst avstand til kor leiaren av tingretten no sit. Ordførarane i desse kommunane har saman med alle dei andre ordførarane som utgjer dagens Sør-Rogaland rettskrets, sendt brev til Justis- og beredskapsdepartementet 13. desember 2021 der dei ber om at dagens struktur vert vidareført. Det ser derfor ut til å vera både interkommunalt og tverpolitisk ønske om å behalda dagens rettskrets.

Time kommune ber om at Sør-Rogaland rettskrets vert vidareført med dagens samansetning og struktur