Høringssvar fra Ålesund kommune

Dato: 31.03.2022

Ålesund formannskap har i møte 29.03.22 sak 48/22 gjort følgjande vedtak:

Ålesund kommune støttar ikkje departementet sitt forslag om å reversere domstolsreforma. Grunngjevinga for dette går fram i saksutgreiinga nedanfor:

Sentrale fagmiljø advarar mot reversering

Store delar av fagmiljøa og domstolmiljøa advarar mot reversering og meiner at domstolsreforma har svart godt ut dei utfordringane ho skulle. Dei rapporterer om større attraktive fagmiljø med utviklingsmoglegheiter, større fleksibilitet og effektivitet, mindre sårbare einingar (habilitet og sjukdom), større rettstryggleik for barn og mindre ressursar på administrativ leiing.

Tenestene til folket er betre enn før

Tingretten i Møre og Romsdal har rettsstadane Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Dette er dei same plassane domstolen låg før. Dei har det same tenestetilbodet som før og same nærleik til brukarane. Ålesund kommune meiner at rettstryggleiken er styrka etter domstolsreforma ved at det er kortare sakshandsamingstid, det er innført like rutinar som betre sikrar at brukarane blir møtt med same kvalitet uansett kva rettstad dei møter.

Tingrettsdommarane arbeider ved alle rettsstadane, dette gjer det smidigare å avvikle sakene når det kan oppstå fråver, habilitetsspørsmål og når det gjeld saker som det ikkje er tilrådd at domarfullmektigar skal ha, til dømes barnevernsaker. Fleksibiliteten gjer det også lettare å tilby rettsmekling.

Også for Møre og Romsdal jordskifterett er drifta ved dei tre rettsstadane i Surnadal, Molde og Ørsta den same som før, jordskifteretten set også rett nært folk. Rettstryggleiken har auka ved sterkare fagmiljø, felles rutinar og kortare sakshandsamingstid.

At domarane og sakshandsamarane arbeider på tvers av rettsstadane gjer dei små rettsstadane mindre sårbare for svingingar i saksmengda enn dei var før. Dette har ført til at det er rom for fleire stillingar enn det var tidlegare. Slik sett sikrar domstolsreforma arbeidsplassar i større grad enn om det var mange små sjølvstendige einingar.

Manglande evaluering

Domstolsreforma var eit resultat av ein særs lang og grundig prosess, der det var stor semje om at omstilling var nødvendig.

For tingrettane har dagens struktur vart sidan april 2021 (11 månader), for jordskifterettane har dagens struktur vart sidan juni 2021 (9 månader). Regjeringa ser ikkje ut til å ønske å gjennomføre evaluering av dagens struktur før reversering, og manglar då kunnskap om domstolsreforma har virka slik målet var. Ålesund kommune meiner det er uheldig å reversere ei reform som ser ut til å gi positive verknadar utan tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag.

Kostnadane ved ei reversering

Departementet har ikkje sagt noko om kva ei reversering vil koste. Domstoladministrasjonen (DA) meiner at ei reversering vil koste fellesskapet mellom 70 og 75 millioner kroner. Dei har tidlegare også anslått at dei årlege utgiftene vil kunne auke med 37 millioner kroner. Det er også omkostningar ved ei reversering som ikkje kan målast i pengar, mellom anna er det krevjande for dei tilsette å fortsette å stå i ein uavklart situasjon i årevis framover.

Ingen gode argument for å reversere domstolsreforma

Fleire av grunnane departementet viser til for å reversere domstolsreforma ser ut til å vere knytt til det positive ved å ha ein lokalt forankra Sorenskrivar.

Ålesund kommune meiner at det rettssøkande publikum har ei rettkomen forventing om kompetente domarar og lik handsaming uansett kva rettsstad og domar som skal avgjere saka. Tilliten til domstolane blir først og fremst bygd gjennom kvaliteten på dei avgjerslene som blir fatta, og at tenestene til publikum er tilgjengelege og gode.

Ålesund kommune meiner difor at samfunnet skal nytte ressursane til å utvikle gode tenester til publikum, og at domstolen og jordskifteretten får arbeidsro til å utvikle desse vidare. Slik kommunen ser det, manglar det vektige grunnar for å endre domstolstrukturen no.