Høringssvar fra Vest-Telemarkrådet

Dato: 07.04.2022

Vest-Telemarkrådet Møte 22. mars 2022

Sak 15/2022 Høyringsuttale domstolstruktur

Vest-Telemarktinget vedtok 7. desember 2021 ei uttale til domstolstruktur. Uttala vart sendt til departementet utan at domstolstruktur vart lagt ut på offentleg høyring. No er den det og svarfrist er sett til 26. april 2022.

Det er vurdert at den vedtekne uttala frå 7. desember 2021 står seg godt og difor blir sendt inn pånytt.

Uttale vedteken i tingmøtet 7. desember 2022:

Vest-Telemarkrådet er eit samarbeid mellom kommunane; Tokke, Vinje, Seljord, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal. Det blir vist til uttale frå Vest-Telemarktinget den 10. desember 2019 og uttale frå Vest-Telemarkrådet til domstolkommisjonen 19. mai 2020, sjå vedlegg.

Vest-Telemark tingrett er med verknad frå 1.5.2021 lagt ned og i dag ein del av Telemark tingrett. Øvre Telemark jordskifterett er også lagt ned frå same tidspunkt og er ein del av Telemark jordskifterett. Tingretten og jordskifteretten har framleis rettsstad i Kviteseid.

I Hurdalsplattformen heiter det på side 66 at Regjeringa vil:

· Gjeninnføre strukturen for domstolane før domstolsreforma av 2021 for å vareta borgaranes rettstryggleik og sikre sjølvstendige domstolar med stadleg leiing, med unntak for domstolar der domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur.

· Leggje til rette for at domstolar kan samarbeide betre, og greie ut korleis mindre domstolar kan styrkjast for å gjere dei mindre sårbare.

Vest-Telemarktinget ber om at det blir ein sjølvstendig tingrett i Vest-Telemark og at Øvre Telemark jordskifterett blir gjenoppretta. Ved gjenoppretting av øvre Telemark jordskifterett bør regjeringa sjå nærare på rettskrinsgrensene til jordskifteretten. Tingretten og jordskifteretten bør fortsatt vere samlokalisert og med dagens kontorstad i Kviteseid.

Vest-Telemarktinget støttar framlegget i Hurdalsplattformen om at det bør leggast til rette for auka samarbeid mellom domstolane og at dei mindre domstolane bør styrkast.

Vedtak: Vest-Telemarkrådet vedtek uttale til domstolstruktur slik den ligg føre

Vedlegg