Høringssvar fra Alle tilsette ved rettsstad Lofthus

Dato: 25.04.2022

Høyringssvar frå dei tilsette ved rettsstad Lofthus / Hordaland tingrett

Det vert vist til Departementets høyringsnotat av 26.01.2022.

Dette høyringssvaret vert inngitt på vegne av alle dei fire tilsette ved rettsstad Lofthus, ein tingrettsdommar, ein dommarfullmektig og to sakshandsamarar. Rettsstad Lofthus er del av Hordaland tingrett saman med tidlegare Bergen tingrett.

Kort om bakgrunnen

Dagens domstolsstruktur har no fått verke i eitt år og på bakgrunn av dei erfaringane vi har gjort oss meiner vi å ha godt grunnlag for å seie noko nærmare om korleis reforma har verka og kva effekt den har hatt.

Rettsstad Lofthus ligg midt i Hardanger, i Ullensvang kommune. Lofthus ligg sentralt plassert i høve til «gamle» Hardanger sin rettskrets som besto av kommunane Ullensvang, Kvam, Eidfjord og Ulvik. I tillegg til den bemanna rettsstaden på Lofthus har ein ubemanna rettstader i Odda og i Norheimsund.

For tidlegare Hardanger tingrett sin del innebar domstolsstrukturen av 2021 ei radikal endring. Hardanger tingrett hadde per april 2021 ein sorenskrivar, ein dommarfullmektig og to sakshandsamarar. I dag inngår desse stillingane i Hordaland tingrett saman med gamle Bergen tingrett som per 01.05.2021 hadde 43 dommarar/dommarfullmektigar, 46,1 sakshandsamarar (som er inkludert IKT og vakthald/tryggleik). Det var såleis to svært ulike organisasjonar som vart sett saman gjennom denne reforma.

Rettsstad Lofthus ligg i 3 timars reiseavstand frå hovudsete i Bergen.

Kva bør vektleggjast i spørsmålet om reversering?

Målet med ein kvar reform må vere å oppnå eit betre resultat. I organiseringa av domstolane må det overordna alltid vere å tilstrebe ei ordning som sikrar rettstryggleiken for alle.

Men før vi kan drøfte om rettstryggleiken vert tilstrekkeleg ivareteken må vi først definere kva som ligg i dette.

Mange element inngår i rettstryggleiken, men viktigast er det at domstolen til ei kvar tid kjem til riktige avgjersler og det innan rimeleg tid. Kvalitet og effektivitet er såleis viktige element.

Men rettstryggleik har også ei side til sjølve prosessen og eit viktig stikkord her er likebehandling. Uansett kven du er eller kvar du bur så skal du og saka di bli like godt handtert.

Med utgangpunkt i desse tre stikkord; kvalitet, effektivitet og likebehandling vil vi seie nokon nærmare om fordelene og ulempene med store og små tingrettar, ut i frå vår erfaring med å vere del av Hordaland tingrett.

- Kvalitet

Fagleg kvalitet blant dommarar og sakshandsamarar har vore framheva som eit tungt argument for samanslåing av tingrettar til større einingar. Det har vore framheva at ein med større fagmiljø vil ha betre evne til å tilpasse seg endringar og at ein i større einingar ha betre anledning til spesialisering.

Dommarar i tingrettane har sjølvsagt ulik fagleg ballast med seg inn i rolla og det finst opplagt gode og mindre gode dommarar. Spørsmålet i denne samanheng er likevel om dommarane i større tingrettar er flinkare enn andre. Ein slik påstand er det ikkje belegg for. Det finst ingen statistikk som viser at domsavgjerder frå små tingrettar oftare vert omgjort i ankeinstansen enn avgjerder frå større tingrettar.

Det som derimot vert hevda med stor tyngd er at store tingrettar gir betre dommarar. Altså at store samlingar av dommarar under same tak og i same organisasjon gir flinkare dommarar.

Å vere under same tak kan opplagt vere ein fordel. Ein har då alltid ei dør å banke på og ein kollega å diskutere med og det vil naturlegvis kunne gi eit fagleg utbytte. Men det er ikkje det denne reforma har medført.

Vi som er tilsette ved rettsstad Lofthus sit 3 timars reiseveg frå våre kollegaer i Bergen og realiteten er at vi ikkje kjenner kvarandre. Realiteten er at vi har møtt kvarandre fysisk to gonger.

Etter å ha vore del av same organisasjon i eitt år kan ein konstatere at den faglege effekten i liten grad er oppnådd. Det er opplagt slik at ein i same organisasjon kan ha glede av kvarandre gjennom faggrupper og liknande, men denne type fagfellesskap kan like gjerne etablerast med kollegaer i andre tingrettar. For dommarar ved rettsstad Lofthus skjer all fagutvikling i regi av Hordaland tingrett via videomøte. Slike videomøte kan arrangerast med dommarkollegaer kor som helst i landet og ein vil oppnådd det same. Ein er såleis ikkje avhengig av å vere i ein og same tingrett for å sikre jamn og lik kompetanseutvikling på dommarane. Med den tilgangen vi i dag har til digitale løysingar bør ein tilstrebe å få til faglege samarbeid på tvers av tingrettar. Gjennom eit slikt fagsamarbeid vil ein også i større grad oppnå målet om ein så lik og enheitleg praksis som mogeleg.

For sakshandsamarane ved rettsstad Lofthus har vi erfart at samanslåinga med Bergen tingrett har vanskeleggjort fagleg utvikling. Vi opplever at ting går tregare i dag. Det er mindre tid til å gjere jobben, mykje tid går med til videomøte og veldig mykje handlar om kva som skjer i Bergen. Drifta er blitt svært mykje meir byråkratisk. Sakshandsamarane ved rettsstad Lofthus arbeider no på ulike fagfelt med den følgje at dei no har mista fagfellesskapet seg i mellom.

Inntil samanslåinga med Bergen hadde Hardanger tingrett eit fagleg samarbeid med Sunnhordland og Sogn og Fjordane tingrett som det vil vere naturleg å vidareutvikle etter ei reversering.

Vårt klare standpunkt er såleis at ei reversering på ingen måte vil vere til hinder for fagutviklinga til dommarar og sakshandsamarar ved rettsstad Lofthus, tvert imot.

- Effektivitet

Når det gjeld effektivitet så betyr det etter vårt syn to ting; raskast mogeleg resultat i ei sak frå den kjem inn til dom ligg føre og best mogeleg utnytting av tilgjengelege ressursar.

Det er ikkje tvil om at Bergen tingrett har hatt store utfordringar med sakshandsamingstida lenge og dette er fortsatt ei stor utfordring. Det som uansett er sikkert er at ressursane i gamle Hardanger tingrett i veldig liten grad kan avhjelpe dette. Ved rettsstad Lofthus handterer vi i all hovudsak alt av Hardangersaker og det er minimalt med overkapasitet slik det er i dag. Dette til tross for at det er tilsett fleire dommarar enn ressursfordelingsmodellen til Domstoladministrasjonen skulle tilsi, både i Hardanger (ca. ½ dommar for mykje) og i Bergen (9 dommarar for mykje).

Men det kan vera greitt å syna kva ein eventuell overkapasitet i Hardanger ville kunne avlasta saksavviklinga ved rettsstad Bergen innanfor dagens Hordaland tingrett.

Med utgangspunkt i innkomne saker i 2020 har vi rekna på kva dei tilsette i Hardanger ville kunne bidra med i saksavviklinga når ein ser på Hardanger og Bergen samla. Dersom det reelt var 30 % uutnytta kapasitet i Hardanger dette året, ville det innanfor ein samla domstol utgjera omlag 0,99 % av det sivile tvistesaksvolumet i Hardanger og Bergen, altså 10,7 saker av totalt 1077. Tilsvarande tal for straffesakene med hovudforhandling er 1,9 % og for straffesakene som er einedommarsaker er 0,97 %. Det samsvarer ikkje med realitetane å hevde at vi har 30 % overkapasitet i Hardanger, realiteten er nok nærare 10-15 %. Men uansett kor stor eventuell overkapasitet det skulle vera i Hardanger, viser tala over at det er marginalt kva det kan avlasta Bergen.

Når det gjeld utnytting av ressursar er det opplagt slik at liten tingrett vil oppleve veldig travle periodar og tilsvarande rolege periodar meir intenst enn større tingrettar som kan fordele på fleire, men det er likevel slik at større einingar ikkje nødvendigvis er måten å utnytte ressursane betre på.

Vi må her få understreke at det er heilt uproblematisk å flytte saker mellom tingrettar. Dette er sakshandsamingssystemet rigga for å handtere. Dette har blitt gjort i ei årrekkje for Hardanger tingrett sin del som har avlasta andre og motteke hjelp i periodar det har vore behov for. Dette burde, og skulle, ha blitt utnytta i vesentleg større grad enn det som har skjedd så langt og hadde aleine kunne effektivisert tingrettane vesentleg.

Grunnen til at dette ikkje har blitt utnytta i større grad er, slik vi ser det, at kvar enkelte tingrett konkurrerer om å vere best på statistikken og det medfører liten vilje til å «dele» på ressursane sorenskrivarane imellom.

Om viljen er tilstades frå Domstoladministrasjonen og Departementet si side er det fullt ut mogeleg å vurdere statistikken på enkelte saksområde samla for fleire tingrettar og på den måten legge til rette for ei meir effektiv saksfordeling. Slik vi vurderer det hadde det vore heilt naturleg at Hardanger tingrett kunne ha avlasta både Bergen tingrett i nord og Sunnhordland tingrett i sør ved t.d å sette rett på Voss i Vossa-saker eller gjennomført Kvinnherad-saker i Odda eller Rosendal.

For Hardanger og Bergen sin del har det i liten grad skjedd noko med saksfordelinga mellom rettsstadene og den store hovudregelen er at ein tek eigne saker. Vi undrar oss difor over vedlegget til høyringssvaret frå Domstoladmininstrasjonen kor det følger ein oversikt over korleis dommarressursar og sakshandsamarressursar har gått mellom rettsstaden Lofthus og Bergen etter samanslåinga. Vi kjenner oss ikkje igjen i tala og har etterspurt grunnlagsmaterialet for denne, men slikt finst ikkje. Det er i vedlegget opplyst at 6-10 dommarar har teke saker fysisk på den andre rettsstaden. Etter våre tal er det tre dommar frå rettsstad Bergen som har teke hovudforhandlingar i Hardanger, i tillegg har ein dommar gjennomført ei rettsmekling på Voss. Dommarfullmektig ved rettsstad Lofthus har kun gjennomført ei einedommarsak fysisk i Bergen.

Det er også framheva i dette vedlegget at «Innbyggere i Hardanger har fått tilbod om rettsmekling som de bare rent sporadisk hadde før». Dette er direkte feil og vi viser det som er sagt om rettsmekling i Hardanger tingrett i neste avsnitt.

Oppsummert er det vår klare konklusjon at ein samla sett ikkje har oppnådd nokon nemneverdig effektiviseringseffekt ved å slå saman Hardanger og Bergen. Ressursane i Hardanger er forsvinnande små i høve til behovet i Bergen.

- Likebehandling

Også likebehandling er ein grunnleggjande føresetnad for å sikre rettstryggleiken og for oss inneber det at alle skal kunne oppnå same service og likt resultat i like saker. Men det handlar også om at ein skal ha lik tilgang på domstolens tenester, uavhengig av kor ein bur.

No er dagens struktur opplagt resultat av ein rein politisk hestehandel. På det tidspunktet dagens struktur vart vedteken i Stortinget var «distriktsvinden» så kraftig at Regjeringspartia den gongen måtte komme fram med ei mellomløysing som til ei viss grad tok omsyn til distrikta og vi ende opp med nyvinninga «rettsstader».

Slik vi no har erfart det gjennom det siste året er det klare teikn som taler i retning av at rettsstader kun er ein mellomstopp før nedlegging.

Dette ser vi for det første ved at ein rettsstad som Lofthus ikkje lenger har nokon eiga leiing og heller ikkje er representert i leiargruppa. Det er gjort fleire forsøk på å få ta del i leiinga, men utan at det har ført fram.

For det andre er organiseringa slik at vi ved rettsstad Lofthus har våre leiarar i Bergen. Leiar for tingrettsdommar/dommarfullmektig er sorenskrivaren. Han har etter samanslåinga berre vore på rettsstad Lofthus fem halve dagar og ein heil dag, medan tingrettsdommar og dommarfullmektig har vore i Bergen ein dag kvar. Saksbehandlarane sin leiar har berre vore på Lofthus ein halv arbeidsdag, og tilsvarande har saksbehandlarane vore på tur til Bergen ein gong. Sjølv om vi sporadisk har kontakt på telefon og e-post, seier det seg sjølv at det er vanskeleg for leiarane å følgje den daglege drifta med så store geografiske avstandar som vi har her.

Ein rettsstad har heller ingen eigen økonomi og har på den bakgrunn ikkje høve til å kunne gjere eigne prioriteringar. For ein rettsstad som Lofthus er det særleg utfordrande ettersom ein disponerer tre rettssalar og eit administrasjonsbygg, men der er ingen midlar å gjere eigne prioriteringar utifrå og alt må gjennom leiargruppa ved rettsstad Bergen.

For det fjerde merker vi at saker stadig vert trekt i retning rettsstad Bergen, ettersom det er begrensa vilje til å reise ut frå rettsstad Bergen for å gjennomføre saker i vår del av rettskretsen. Dette har vi stor forståing for då det er svært lang reiseveg, men det er i strid med den klare politiske intensjonen bak etableringa av rettsstader, nemleg at det er dommarane som skal reise og ikkje partane. Vi frykter at dette vil utvikle seg ytterlegare over tid og at stadig fleire saker vert trekt mot rettsstad Bergen med den følgje at aktivitet i vårt distrikt vert gradvis redusert. Vi kjenner til, gjennom kollegaer ved andre tingrettar, at nokon rettsstader opplever at store og interessante saker systematisk vert ført ut frå dei små rettsstadene og til dei større. Dette er ei utvikling ein frykter og som vil medføre at små rettsstader vil bli mindre attraktive som arbeidsplasser og derigjennom trekkje til seg færre søkjarar til ledige stillingar. Hardanger tingrett har historisk aldri hatt problem med å tiltrekkje seg gode søkjarar til alle stillingar, men utan ei stadleg leiing som kan ivareta rettsstadens særlege behov, er dette ei reell frykt.

For det femte har reforma medført at det ved rettsstad Lofthus ikkje lenger er rettsmeklingskompetanse. Dette er spesialisert i Hordaland tingrett og samtlege rettsmeklarar arbeider ved rettsstad Bergen. Dette får den følgje at dersom rettsmekling skal skje i saker med geografisk tilknytning til Hardanger må rettsmeklar reise ut, eller partane må reise til Bergen. Denne ordninga er ikkje optimal og har etter vårt syn medført at rettsmeklingstilbodet er dårlegare i dag enn det var før reforma vart innført i april 2021. Rettsmekling har vore ein viktig del av tilbodet til Hardanger tingrett sidan denne ordninga vart innført og tingretten låg høgt på statistikken for meklingsintensitet.

I Hardanger har ein dei siste 15-20 åra sett korleis av ulike reformar har verka inn på tenestetilbodet lokalt. Det siste eksempelet er Nærpolitireforma. For vår sektor har denne reforma medført at det lokale aktoratet med sete i Odda, som talte 3 aktorar, er blitt borte. Denne prosessen starta med at all lokal leiinga vart flytt til Bergen. Akkurat det same er no i ferd med å skje i domstolen og det er kun ei reversering og gjeninnføring av eigne sorenskrivarar som kan sikre langsiktig framtidig drift av tingretten i Hardanger-regionen.

Rettstryggleik for barn

Fleire tunge aktørar har uttalt at rettstryggleiken vert dårlegare for barn om ein vel å reversere domstolsstrukturen. Dette undrar oss og det etterlet eit inntrykk av at ikkje alle kjenner til korleis slike saker faktisk vert handtert i domstolane.

Slik vi ser det vil tvert i mot ei spesialisering av barneretten for dommarar kunne medføre ein svekka rettstryggleik for barn i stor delar av landet. Her ved rettsstad Lofthus har vi allereie sett at fleire barnesakar vert trekt mot Bergen fordi det har vist seg vanskeleg å få dommarar i Bergen til å reise ut, til tross for klare protestar frå dei involverte partane.

Ein slik trend, med sentralisering av barnesakene, vil gje barn og foreldre, og deira advokatar, om lag tre timar reiseveg kvar veg. I tillegg til dei økonomiske aspekta, og belastninga slik reiseverksemd vil medføre for barnet, vil saka då bli avgjort av ein dommar som ikkje kjenner samfunnet der barnet bur.

Vi meiner det er viktig, og spesielt viktig i barnesaker, at dommarane som handterer sakene har lokalkunnskap. Desse sakene handlar oftast om kvar barnet skal bu fast og kva samværsordning som er best for barnet. Livet og kvardagen til barnet vert avgjort av dommaren, alt frå kva barnehage og skule det skal gå på, kva fritidstilbod det får tilgang til, og ikkje minst kor lange reiseavstandar det må tole. Det er altså ikkje jussen som er mest sentralt i desse sakene, men kjennskap til dei faktiske forholda. I alle desse sakene vert det dessutan oppnemnt ein sakkyndig som gjer naudsynte undersøkingar i høve til heimen, foreldra og andre instansar. Dei sakkyndige som gjer arbeid i rettsstad Lofthus sine saker er dei same som vert oppnemnt i rettsstad Bergen sine saker. Det er såleis ingen grunn til å hevde at kvaliteten er betre eller dårlegare på dei ulike rettsstadene.

Avslutningsvis må vi kort kommentere utspela som har kome om at Noreg gjentekne gonger er dømt i Strasbourg i barnesaker, og at det difor er viktig å sikre betre kvalitet i barnesakene/barnevernsakene. Dette er eit argument som fell på steingrunn, då det er dommar frå Høgsterett og lagmannsrettane som har vorte overprøvd internasjonalt. Å trekkje dette poenget fram i debatten kring strukturen i tingrettane vitnar om grunnleggjande manglande kunnskap.

Er det oppnådd nokon rasjonaliseringseffekt ved å etablere Hordaland tingrett?

Som nevnt innleiingsvis må formålet med ein kvar reform vere å oppnå positive synergiar.

Som vi no har gjennomgått er vi er klare på at rettstryggleiken ikkje er betra som følgje av domstolsreforma. Spørsmålet er om ein likevel oppnår rasjonaliseringseffektar som kan forsvare reforma.

Vi har sett nærmare på tala og finn det vanskeleg å sjå at denne reforma har gitt slike resultat.

Vi har samanlikna 2020- budsjetta for dei to domstolane Hardanger tingrett og Bergen tingtrett, året før samanslåing. Det viser seg at Bergen tingrett kosta 7% meir per skattebetalar i rettskretsen sin, enn det Hardanger tingrett kosta for sine skattebetalarar. Vidare viser tala at lønskostnadene i Bergen tingrett var 24% høgare enn lønskostnadene i Hardanger tingrett per årsverk. Dermed var lønnskostnadene per innbyggar 11% høgare i Bergen tingrett enn lønnskostnadene per innbyggjar i Hardanger.

Hardanger tingrett hadde drift på 4 lokasjonar i regionen. Denne distriktsdomstolmodellen har ein alltid hatt, med eitt kontor og tre rettssalar på ulike stader i Hardanger. Dommarane reiser ut og held rettsmøte nær der folk bur og arbeider. Det er vanskeleg med offentleg kommunikasjon i regionen. Dette skulle ein tru ville medføra høgare kostnader til lokale, enn om ein hadde hatt all drift knytt til ei bygning, slik som i Bergen. Likevel syner budsjetta at Bergen tingrett hadde 27% høgare kostnad til lokale per innbyggjar samanlikna med Hardanger.

Dette viser etter vårt syn er at det heller ikkje er ressursutnyttingsomsyn som kan grunngi denne reforma.

Er større betre?

Etter dette er det vår klare overtyding at ein ikkje oppnår dei beste løysingane ved å gjere tingrettane stadig større. I 2017 vart Nordhordland tingrett slått saman med Bergen tingrett. Begge desse tingrettane var lokalisert i Bergen tinghus og slik sett framsto samanslåinga rasjonell. Samanslåinga medførte likevel store utfordringar og sakshandsamingstida i Bergen tingrett er, og har over tid vore blant dei dårlegaste i landet.

No har ein gjort ytterlegare ei utviding av denne tingretten ved å innlemme Hardanger tingrett.

Det var i utgangspunktet oppsiktsvekkjande at ein frå politisk hald valde å slå saman to tingrettar av så stor ulikskap i størrelse og driftsform og som til alt overmål ligg med 3 timars reise imellom. Løysinga blir ikkje betre av at Bergen tingrett i utgangspunktet har store vanskar med å få ned eiga sakshandsamingstid.

Vi erkjenner sjølvsagt at det ideelt sett kan vere stordriftsfordeler med noko større einingar, men det er vår oppfatning at dei negative konsekvensane for både drifta og for distriktet er større og meir tungtvegande enn fordelane.

Betre samarbeid og styrking av sårbare domstoler

Med fire tilsette er rettsstad Lofthus/Hardanger tingrett ein av landets minste og det er opplagt grep som kan og bør gjerast i samband med ei reversering som vil medføre at tingretten blir styrka. Dette er det gjort gjentekne forsøk på også tidlegare, utan at initiativa er fylgt opp frå Domstoladministrasjonen si side.

I 2015 la Hardanger tingrett fram eit konkret forslag for Domstoladministrasjonen om å utvida rettskretsen med fleire kommunar, herunder Voss. Såleis kunne vi få fleire saker og utnytta ledig kapasitet og byggja opp ein større organisasjon. Vi fekk aldri ei tilbakemelding dette forslaget.

I 2019 vart det inngått ei intensjonsavtale om frivillig samanslåing av Hardanger tingrett og Sunnhordland tingrett. Initiativet vart støtta av samtlege tilsette, av dei berørte kommunane i begge rettskretsar og av næringslivet, men trass i den breie støtta vart det ikkje ein gong behandla av Domstolsadministrasjonen. Det har såleis ikkje mangla på vilje frå Hardanger tingrett si side i høve til å tilpasse seg og gjere grep for å styrke eiga drift.

Men vi har også i dag konkrete forslag til korleis tingretten kan utvidast og utviklast;

1) Utvide rettskretsen

For å styrke Hardanger tingrett etter ei reversering vil det vere hensiktsmessig å utvide rettskretsen til å omfatte i alle fall kommunane Voss og Samnanger. Voss herad grensar til Hardanger og består av dei to tidlegare kommunane Voss kommune og Granvin herad. Granvin herad var før kommunesamanslåinga del av Hardanger tingrett sin rettskrets. Reiseavstanden frå kontorlokalet på rettsstad Lofthus til Voss er ca. 50 minuttar.

Hordaland jordskifterett har rettsstad i Bergen og på Voss, men jordskifteretten manglar per i dag rettssal på Voss. Dette vert det arbeidd med å få etablert. Med ein rettssal på Voss som kan nyttast både av jordskifteretten og av Hardanger tingrett vil samtlege saker med utgangspunkt i Voss herad kunne bli handsama der. Dette vil opplagt bli ein stor fordel for Voss herad si befolkning, det vil lette belastninga for Bergen tingrett som allereie har store restansar og det vil gjere Hardanger tingrett større. Også Samnanger kommune kan overførast til Hardanger tingrett. Kommunen grensar til Kvam, kor Hardanger tingrett har rettssal. For dei aller fleste i Samnanger kommune vil reisevegen til Kvam vere kortare enn til Bergen.

2) Omgjere dommarfullmektigstilling til tingrettsdommarstilling

På personalsida er det frå Regjeringa si side foreslått å omgjere dommarfullmektigstillingane til tingrettsdommarstillingar ved små tingrettar. Dette er eit veldig godt og fornuftig grep som også bør gjerast for Hardanger tingrett. Med ein sorenskrivar og ein tingrettsdommar vil tingretten vere mykje betre rusta til å handtere alle type saker og tingretten vil med ei slik samansetning også vere i stand til å tilby rettsmekling i alle saker.

Særleg i barnesakene, som krev erfarne dommarar, vil ein kunne lette belastninga for sorenskrivaren om ein har ein annan kollega som også kan ta denne type saker. Dette er ein viktig rettstryggleiksgaranti for alle involverte i desse sakene som vil bli sikra gjennom eit slikt grep.

3) Omfordeling av saker mellom tingrettar

Som nemnt over har det vore ei utfordring å få tingrettar/sorenskrivarar til å etablere gode samarbeid på saksplan for gjennom det å fordele ressursane på ein best mogeleg måte. Slik vi vurderer det har dette samanheng med at det handlar om å levere best mogeleg statistikk.

For å betre legge til rette for fordeling av saker på tvers av tingrettane foreslår ein å vurdere statistikken for enkelte sakstypar samla for to eller fleire tingrettar. Ein fellesstatistikk på sakshandsaming av til dømes tvistesaker og meddommarsaker vil vere eit verknadsfullt insentiv for to eller fleire sorenskrivarar til å dele på tilgjengelege ressursar og ein vil samla oppnå kortare sakshandsamingstid og betre effektivitet. Dersom ein skal innføre ei slik samarbeidsordning mellom tilgrensande tingrettar må ein innføre ein ny bestemmelse i domstolslova med tilhøyrande forskrift som avklarer kva tingrettar som inngår i eit slikt samarbeid. I tillegg må det gjerast endringar i domstollova § 38.

For at dette skal fungere, meiner vi det er nødvendig å opprette samarbeid mellom tingrettar som jobber på same måte og er av liknande størrelse, og at begge/alle tingrettane ser seg tent med ei slik samarbeidsordning. Eit eksempel på eit nytt andre ledd i § 38, eventuell bestemmelse i forskrift, kan vere:

«Mellom følgende tingretter kan saker overføres fritt etter beslutning fra ansvarlig dommer på saken, uten at det innhentes uttalelser som nevnt i første ledd:

o Hardanger tingrett, Sunnhordland tingrett og Sogn- og fjordane tingrett

o Namsos tingrett, Fosen tingrett

o Ringerike tingrett, Hallingdal tingrett

o osv.

Beslutningen tas etter en vurdering av sakens egnethet, geografisk tilhørighet, tilgjengelig kompetanse og ressurser. Dersom den mottagende tingretten får problemer med å avvikle saken, beslutter sorenskriverne i felleskap i hvilken tingrett det er mest hensiktsmessig at saken avvikles. Dersom enighet ikke oppnås, går saken i utgangspunktet tilbake til opprinnelig tingrett, eller om ønskelig kan man be overordnet domsmyndighet avgjøre spørsmålet.

Mellom de samme tingrettene utarbeides det felles statistikk for saksbehandlingstid.»

For vår del foreslår vi eit samarbeid med Sunnhordland tingrett og Sogn- og fjordane tingrett, som Hardanger har hatt et godt samarbeid med tidlegare. Me veit at Sunnhordland for tida har ein underkapasitet på dommarsida som svarar om lag til overkapasiteten i Hardanger, slik at eit samarbeid mellom tingrettane vil innebere betre ressursutnytting og betre saksbehandlingstid totalt.

Alternativt, og uansett, meiner vi at § 38 bør endrast slik at det vert enklare å overføre saker mellom tingrettar. Vårt forslag er å endre deler av andre setning med den konsekvens at partane ikkje lenger får uttalerett. Beslutninga om å overføre ei sak vert såleis å avgjere av dei to involverte sorenskrivarane.

Som nytt andre punktum forslår vi følgande;

«Domstolen skal gi den domstolen som i tilfelle skal overta saken anledning til å uttale seg før det besluttes overføring. I vurderingen av hva som er hensiktsmessig skal det blant annet legges vekt på tingrettens kapasitet på tidspunktet, partenes behov for rask avklaring og sakens geografiske tilhørighet.»

Merknader til pkt. 3.2.2 i høyringsnotatet

1) Felles leiing

Slik vi vurderer det bør det ikkje lenger vere anledning til å etablere felles leiing og domstollova §33 bør opphevast. Bakgrunnen for dette standpunktet er at vi oppfattar at denne heimelen har blitt brukt i langt større omfang enn intensjonen var, med den følgje at tidlegare sjølvstendige domstolar gradvis har blitt underlagt andre.

Når ein no først reverserer, er intensjonen å reetablere sjølvstendige domstolar og behovet for felles leiing vil ikkje lenger vere der. Dersom det oppstår behov for mellombels leiing ved domstolar kan og bør ein nytte konstitusjonar og ikkje mellombels felles leiing.

2) Felles saksinntak

Etter samanslåinga har vi ikkje lenger eige sentralbord eller postmottak. Dette har medført at publikum opplever at det er vanskelegare å nå oss og at vi no er mindre tilgjengelige. Ei sak som skal til Lofthus, må no gå vegen om Bergen før den kjem fram til oss. Vi opplever stadig at saker som høyrer til vårt geografiske området likevel vert behandla i Bergen som følgje av at ein i saksmottaket ikkje har avdekka kor dei reelt høyrer heime.

Felles saksinntak er ikkje ei løysing ein ser som tenleg. Vi har gjennom det siste året erfart at felles saksinntak mellom tidlegare Hardanger og Bergen er ineffektivt og kjelde til feil. Felles inntak medfører auka tids- og ressursbruk ettersom saker går gjennom fleire unødvendige ledd.

Andre forhold av betydning for drifta av reverserte tingrettar

Dei siste åra før domstolsstrukturen vart innført erfarte både Hardanger tingrett og ei rekkje andre små og mellomstore tingrettar, at ressursane vart stadig mindre og ein hadde store vanskar med å bli prioritert i høve til dei større tingrettane. Dette viste seg ved at ein låg etter i digital utvikling. Også i den pågåande debatten om reversering er vi blitt møtt med spørsmål, blant anna frå leiinga i Domstoladministrasjonen, om korleis ein som ein liten eller mellomstor tingrett skal kunne klare å «slåss med dei store om ressursane».

Slik vi ser det kan det ikkje vere slik at små og mellomstore tingrettar skal måtte «slåss» om ressursane.

Slik det fungerer i dag er det Domstoladministrasjonen som står for fordelinga av ressursane som i statsbudsjettet er sett av til domstolane. Slik ein har erfart det har ressursfordeling blitt brukt som eit verkemiddel for å påverke strukturen. Slik kan det ikkje fortsetje og vi foreslår at Departementet sjølv overtek ansvaret for fordelinga av dei ressursane som skal gå direkte til tingrettane. På den måten hindrar ein at små og mellomstore tingrettar må «kjempe om» naudsynte midlar.

Oppsummering

Erfaringane ein har gjort seg det siste året viser at den løysinga som er valgt for Hardanger tingrett på ingen måte er den beste løysinga. Denne løysinga er ikkje eigna til å oppnå dei effektane ein er ute etter og på den bakgrunn er reversering og reetablering av Hardanger tingrett den beste løysinga.

For å styrke Hardanger tingrett bør følgande grep takast;

- Utvide rettskretsen til å omfatta Voss og Samnanger

- Gjere lovendringar som gir klare insentiv til større grad av saksfordeling på tvers av tingrettane

- Etablere faggrupper på tvers av tilgrensande tingrettar for å sikre jamn fagutvikling og like rutinar i større regionar

- Tilsetje ny sorenskrivar og omgjere dagens dommarfullmektigstilling til ein tingrettsdommarstilling

Desse grepa vil også bidra sterkt til å sikre aktivitet i justissektoren i denne regionen elles.

Det er etter vårt syn svært viktig at ein no tek seg tilstrekkeleg tid til å komme fram til gode løysingar. Slik vi vurderer det må det først gjerast vedtak om reversering for dei tingrettane kor det ligg til rette for det. Deretter anmoder ein om at Departementet tek kontakt med tingrettane i dei ulike regionane og går i konkret dialog om kva løysingar ein meiner er hensiktsmessig å etablere. Først gjennom direkte dialog med dei involverte vil ein oppnå gode løysingar som alle for ettertida vil vere tente med.

Anne-Sofie Lutro, tingrettsdommar

Siv Hamstad Haukelidsæter, dommarfullmektig

Hilde Opedal, sakshandsamar

Ann Helen Opedal, sakshandsamar