Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 295959

Dato: 26.04.2022

Dei som arbeider i domstolane har alltid fylgt politiske vedtak lojalt. Slik også når vedtaket i domstolreforma kom.

Når det no er snakk om reversering av domstolreforma, er tida inne for å uttala seg.

Domstolreforma innebar ei sentralisering av leiinga i domstolane.

Hardanger skulle ikkje lenger vera eigen domstol med eigen leiar, men ei underavdeling av Hordaland tingrett i Bergen med felles leiing. Felles leiing er aldri eit godt alternativ. Ein domstol har bruk for ein leiar som er tilstades og ikkje ein som berre er innom så vidt, eit par gonger i året.

Det er lett å sjå at ei underavdeling kan verta nedprioritert, underfinansiert og til slutt forsvinna heilt.

Reverseringa kan setja stoppar for at det.

Rettskikkerheita er ikkje i fare ved ei reversering. Faren er der, når me manglar domstolar og advokatar i eit distrikt og avstandane vert for store. Domstolane skal vera tilgjengelege for folk.

I vårt tilfelle vert avstandane for store , både til Bergen og Haugesund .

Det beste for vårt distrikt er å få Hardanger tingrett attende som sjølvstendig domstol.

Tidligare tilsette ved Hardanger tingrett.