Høringssvar fra Aurland senterparti

Dato: 25.04.2022

Høyringsuttale til endringar i domstolsstruktur

Jordskifteretten i Sogn og Fjordane har i dag tre jamstilte rettsstader med felles leiing lokalisert i Førde.

Det er viktig for Aurland senterparti at brukarane av jordskifteretten har tilgang på tenester innan rimeleg avstand. Det tek omtrent halvannan time å reise til Sogndal frå kommunesenteret i Aurland. Å reise til Førde tek over tre timar. Dette er ein betydeleg avstandsforskjell om ein tek i betraktning at ein kanskje må møta over fleire dagar og køyra tur/retur.

Med gjeldande struktur er det lagt opp til at det skal vera ein rettstad i Sogndal. Det er viktig for oss at regjeringa anten gjer grep for å sikra kvalitet og tilgang på desse tenestene i Sogndal under gjeldande reform, eller reversere til strukturen frå før 2021.

David Underdal
gruppeleiar
Aurland senterparti