Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 29.04.2022

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjorde i møte 05.04.22 følgjande vedtak:

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar regjeringa sitt forslag om å gjeninnføre strukturen for domstolane før domstolsreforma av 2021 med tingrettar i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda og jordskifterettar i Surnadal, Molde og Ørsta. Sjølvstendige domstolar med stadleg leiing er svært viktig for å ivareta borgarane sin rettstryggleik. Nærleik til domstolen er viktig, og eit breitt jurist- og fagmiljø lokalt og god tilgjenge til juridisk bistand med lokal kunnskap sikrar rettstryggleiken for innbyggjarar og næringsliv. Vidare meiner Møre og Romsdal fylkeskommune at det er viktig å framleis ha eit tett samarbeid med dei ulike retts-stadane i fylket.