Høringssvar fra Statsforvaltaren i Vestland

Dato: 21.04.2022

Høyring – endringar i domstolstruktur

Statsforvaltaren viser til brev 26.01.2022 frå Justis- og beredskapsdepartementet, der framlegg til endringar i domstolstruktur vart sendt på høyring med frist 26. april 2022.

Om det prinsipielle bakteppet viser Statsforvaltaren til vårt høyringssvar 02.06.2020 til høyringa av framlegga frå Domstolskommisjonen i NOU 2019:17. Me vil særleg framheva desse avsnitta frå høyringssvaret den gongen:

«… Kommisjonen nemner ikkje det sentrale poenget at dei alle fleste borgarar har kontakt med domstolar gjennom advokatar før ei sak kjem til retten, og at tilgjenge til advokatar dermed er særs viktig for å oppretthalda rettstryggleiken også i saker som ikkje kjem til rettssystemet.

Kommisjonen nemner heller ikkje at ein domstol eller fast dommarkontor er ein viktig grunnstein for å ha eit visst juridisk miljø ein stad, og at ein fast dommarrepresentasjon både er med på å sikra det faglege nivået og å sikra rekruttering til advokatyrket. Dette er slik både fordi det er mindre attraktivt å etablera advokatverksemd der det ikkje er andre høve til karriere innanfor tradisjonelle juristyrke og fordi ein dommarrepresentasjon både er eit fast fagleg haldepunkt og ein garanti for inntekter for advokatane. Sjølv om verda vert meir og meir digitalisert vil i alle fall vanlege borgarar gjerne innleia ein tvist med å be om ein fysisk samtale med ein advokat i nærleiken av der ein sjølv bur. Dersom det ikkje er advokatar i nærleiken av heimstaden, vil borgarar stundom lata vera å forfølgja ein rettkomen tvist.

Vidare viser det seg at eit dommarkontor kan fungera som ein rekrutteringsarena til advokatyrket, særleg ved at dommarfullmektigar ofte vert rekrutterte til juriststillingar ved kontorstaden, også dersom dommarfullmektigane ikkje har hatt noko tilknyting til staden frå før.»

Justis- og beredskapsdepartementet føreslo som kjent ei anna ordning enn den Domstolskommisjonen stod bak, der rettskrinsane vart utvida, medan alle bemanna rettsstadar skulle oppretthaldast. Statsforvaltaren i Vestland støtta framlegget frå Justis- og beredskapsdepartementet i vårt høyringssvar 02.06.2020. Stortinget vedtok, med nokre mindre justeringar, framlegget frå departementet.

Statsforvaltaren i Vestland meiner framleis at ordninga vedteken i desember 2020 er ei fornuftig løysing som tek i vare dei omsyna til tilgang til og rekruttering til eit juridisk lokalt miljø som me var opptekne av i vårt høyringssvar 02.06.2020, og som Domstolskommisjonen ikkje såg. Ein avgjerande føresetnad er å halda fast ved dei vedtekne prosedyrereglane som inneber at alle bemanna rettsstadar har eit minimumsnivå for stillingar, og at endringar i strukturen, både for kvar rettsstad og kvar rettskrins, skal vedtakast av Stortinget.

Samstundes gjev ordninga med større rettskrinsar høve til ei meir fleksibels saksstyring og tettare fagleg utveksling enn med mindre rettskrinsar.

Ut frå dette ser ikkje Statsforvaltaren i Vestland gode grunnar for å endra dagens domstolsstruktur.

Gunnar O. Hæreid

assisterande statsforvaltar

Statsforvaltaren i Vestland