Høringssvar fra Fellesfråsegn tillitsvalde og domstolleiar i Sogn og Fjordane jordskifterett

Dato: 25.04.2022

Til justis- og beredskapsdepartementet

Høyringsfråsegn – Endringar i domstolsstruktur – Fellesfråsegn frå tillitsvalde og domstolleiar i Sogn og Fjordane jordskifterett

Justis- og beredskapsdepartementet sendte 26. januar 2022 ut eit forslag til endring i domstolstrukturen på høyring. Det vert i høyringsbrevet synt til Regjeringa si regjeringsplattform (Hurdalsplattforma) der ein ønskjer å gå tilbake til strukturen for domstolane før domstolsreforma 2021.

Dei tillitsvalde i Parat, NTL, Nito og Tekna i jordskifteretten og domstolleiar i Sogn og Fjordane ønskjer med dette å gje si felles fråsegn til forslaget på dei punkta ein er samde om. Dei enkelte organisasjonane og domstolleiar sender også sine eigne høyringsfråsegner.

Parat representerer to av fem sakshandsamarar. NTL representerer tre av fem sakshandsamarar. Nito representerer seks av sju ingeniørar. Tekna representerer sju av åtte jordskiftedommarar, og ein av ingeniørane. Ein av jordskiftedommarane, som er organisert i NTL, er ikkje med på denne felles fråsegna.

Innleiande om strukturprosessen

Frå vedtaket i desember 2020 har tilsette i Sogn og Fjordane jordskifterett jobba med å førebu seg på og tilpasse seg den nye strukturen. Reforma var ein moderert modell av det som vart lagt opp til av Domstolkommisjonen, og medførte at alle dei tre rettsstadane i Sogndal, Førde og Nordfjordeid vart oppretthaldne med opphavleg bemanning som jamstilte rettsstader. Talet på jordskifterettsleiarar vart redusert frå to til ein, ettersom det tidlegare var felles leiar mellom to rettskrinsar i Sogn og Fjordane. Nærare om organisering, tal tilsette m.m. går fram av domstolleiar sitt høyringssvar.

Som departementet peikar på i høyringsnotatet sitt punkt 3.1 nest siste avsnitt, vedtok Stortinget i samband med domstolsreforma at ved rettsstadar med fire faste dommarårsverk eller mindre, skal talet på årsverk knytt til kjerneverksemda oppretthaldast.

Dagens organisering

Med dagens ordning opplever vi ein større fleksibilitet enn tidlegare. Til dømes har vi no fleire å fordele oppgåver og saker på, og ein er mindre sårbare ved t.d. sjukdom. I tillegg er det fleire faglege fordelar som syner igjen i:

· Større fagmiljø

o Vi har fleire å utveksle erfaringar med

o Høve for spesialisering og kunne delta i fleire ulike utfordrande oppgåver, som gjer auka motivasjon.

o Må forhalde seg til fleire måtar å jobbe på

o Vi blir meir attraktive i høve rekruttering

o Forenklar saksfordeling og fordeling av oppgåver på tvers av rettsstader

· Lik praksis – arbeide fram sams retningslinjer

o Jobbe mot beste praksis

o Like saker skal bli handsama likt

Med dagens organisering har den enkelte mindre oversikt over sakene og den stiller større krav til rutinar for samarbeid.

Trygging av framtidig struktur og bemanning

For oss er det viktig å oppretthalde alle dei 3 rettsstadane med opphaveleg bemanning og sikre at brukarane våre opplever at vi fungerer godt, er fagleg sterke og ressurseffektive i ein desentralisert domstolsstruktur. Vi ynskjer at terskelen for framtidige endringar skal vere høg og meiner at strukturen, med alle rettsstadane, skal takast inn i domstollova. Dette vil etter vårt syn sikre at framtidige endringar i strukturen skjer etter grundige og demokratiske prosessar i Stortinget.

Framover ynskjer vi ro rundt oppgåvene til jordskiftedomstolen. For oss tilsette er det viktig at strukturen ligg fast over tid og at bemanninga er stabil. Dette gjeld uavhengig av synspunkta knytt til reversering/ikkje reversering. I 2021-reforma vart det frå Stortinget lagt ei avgrensing på at rettsstader med 4 eller færre dømmande årsverk ikkje skulle kunne nedbemannast. Vi meiner at dette bør styrkast og også skal takast inn i domstollova, sidan den gjeld alle våre tre rettsstader. Vi viser her til Domstoladministrasjonen sin uttale i pkt. 6.2 i avsnittet om Stillingsgaranti og vil at følgande ordlyd skal takast inn i domstollova:

«Ved rettssteder som ved vedtakelsen av domstolstrukturen av 2021 hadde 4 faste dommerårsverk eller mindre, kan Domstoladministrasjonen eller den enkelte domstolleder ikke redusere antall faste stillinger knyttet til kjernevirksomheten»

Rekruttering

Vår erfaring er at det uansett struktur må jobbast kontinuerleg og breitt med rekruttering til alle stillingsgrupper og dei største utfordringane har vi med rekruttering av ingeniørar og jordskiftedommarar. For å sikre rekrutteringa må også omdømmet til jordskiftretten styrkast enno meir og vi er bevisst på at vi må framstå, uansett struktur, som ein fagleg sterk, habil og fleksibel domstol for brukarane.

Rekrutteringa til jordskifterettane har vore og er krevjande. Her bør ein vurdere tiltak som famnar breitt, m.a. både med omsyn til løn, kompetanseheving og spesialisering, utdanningstilbod og rekrutteringstiltak.

Reversere til kva?

Det er usikkerheit knytt til kva vi eventuelt skal reversere tilbake til og kva konkret dette vil bety for oss. Høyringsnotatet gjev ikkje svar på korleis vi skal vere organisert dersom vi skal reverserast.

Dei mogelege lovendringane i domstollova som det vert peika på i avsnitt 3.2.3 i høyringsnotatet, treng breiare utgreiingar og prosessar.

Avslutning

Alle ønskjer ro, og at dette må vere siste runde i høve strukturspørsmålet. Det går mykje tid og ressursar til dette og vi ynskjer å ta vare på arbeidsmiljøet. Det er svært viktig for oss at når no domstolstrukturen vert handsama i Stortinget at framtidig organisering har eit breitt fleirtal politisk.

Med helsing

Tillitsvalde i Parat, NTL, Tekna, Nito og domstolleiar

i Sogn og Fjordane jordskifterett