Høringssvar fra Rauma kommune

Dato: 07.04.2022

Rauma kommunestyre vedtok i møte 06.04.2022 følgende uttalelse:

Rauma kommune vil støtte å gjeninnføre strukturen for domstolane før domstolsreforma av 2021. Dette er viktig for å vareta borgaranes rettstryggleik og sikre sjølvstendige domstolar med stadleg leiing. Dette vil føre til at Møre og Romsdal fortsatt skal ha 4 tingrettar: Ålesund, Volda, Molde og Kristiansund.

Jordskifterettane skal også vere som før reformen, i Surnadal, Molde og Volda. Unntak kan gjerast for domstolar der domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur.

Det er viktig å sikre innbyggarane i heile landet god rettstryggleik og tilgjengelege tenester. Domstolar med nærleik til brukarane er viktig for tilliten til domstolane.

Mindre byar og kommunar var i for liten grad representert i Domsstolskommisjonen, som skreiv rapporten som låg til grunn for reforma, og departementet understrekar at det ikkje kan leggast til grunn at det er nokon samanheng mellom saksbehandlingstid og domsstolsstorleik. Det sentrale for saksbehandlingstida er forholdet mellom saksinngang og bemanning.

Vi støttar også uttalen frå Romsdal IPR, signert av ordførarane i Romsdal.