Høringssvar fra Sogn og Fjordane jordskifterett

Dato: 25.04.2022

Høyringssvar til Justisdepartementet sitt framlegg om endringar i domstolstruktur

Justis- og beredskapsdepartementet sendte 26. januar 2022 ut eit framlegg til endring i domstolstrukturen på høyring. Høyringsbrevet viser til Regjeringa si regjeringsplattform (Hurdalsplattforma) der ein ønskjer å gå tilbake til strukturen for domstolane før domstolsreforma 2021.

Eg vil som domstolleiar i Sogn og Fjordane jordskifterett gje eit eige høyringssvar. Eg har også delteke i utforming av ei felles høyringsfråsegn i lag med alle dei fire tillitsvalde i domstolen. Fellesfråsegna vert sendt inn som eiga fråsegn og innheld berre dei punkta som alle i domstolen vår er samde om. Det er vist til enkeltpunkt i denne seinare i høyringssvaret.

Konklusjon

Eg ser svært mange gode grunnar til å halde på dagens organisering og rå frå å reversere. Hovudgrunnane ligg i dei tenestene vi yter og det fagmiljøet som vi no bygger opp. Eg baserer meg på det som er tilgjengeleg av tal og fakta om korleis vi driv no og korleis det har vore drive tidlegare. Eg ser at vi med dagens fagmiljø på tre rettsstader og ei aktiv leiing av domstolen

  • har vi styrka kvaliteten og effektiviteten i tenestene til brukarane våre
  • har vi styrka rettstryggleiken
  • har vi rettsmekla fleire saker
  • kan vi lettare rekruttere, særleg yngre ingeniørar og dommarar

Dei tilsette gir tilbakemeldingar om mange av desse føremunene med eit større fag- og arbeidsmiljø enn tidlegare. Eg ser også nokre utfordringar med ein større organisasjon enn tidlegare og ha tilsette på tre rettsstader. Det er verdt å merke seg at vi er ein av landets største jordskifterettar, men vi er likevel ein liten domstol i nasjonal samanheng.

Hurdalsplattforma har også følgande formulering «Gjeninnføre strukturen før domstolreforma av 2021 for å ivareta borgarane sin rettstryggleik og sikre domstolar med stadleg leiing, med unntak for domstolar der domstolleiar, kommunane i rettskrinsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur.»

For Sogn og Fjordane jordskifterett er det slik at domstolleiar ynskjer å oppretthalde dagens struktur, dei tre kommunane som er vertskommunar for rettsstadane ynskjer å oppretthalde dagens struktur, fleirtalet av dei tilsette ynskjer å oppretthalde dagens struktur, medan nokre er nøytrale/usikre og to har uttrykt ynskje om reversering. Dette går også fram av høyringsfråsegnene til fagorganisasjonane lokalt.

Både dei faglege og dei politiske forventingane er dermed oppfylt, slik det er mogeleg å forstå intensjonen i høyringsbrevet til regjeringa. Det skulle difor ikkje vere nokon openberr grunn til å reversere situasjonen for Sogn og Fjordane jordskifterett.

Fakta om Sogn og Fjordane jordskifterett - historikk og geografi

Gjennom høyringsprosessen har vi i jordskifteretten opplevd at det er generelt behov for kunnskap, og for orden skuld inneheld dette høyringssvaret ein faktadel om jordskifteretten i Sogn og Fjordane.

Status i 2010 er at vi har Nordfjord jordskifterett med kontorstad på Nordfjordeid, Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett i Førde og Indre Sogn jordskifterett flyttar til Sogndal og vert samlokalisert med Indre Sogn tingrett. I 2016 fekk Indre Sogn jordskifterett og Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett felles leiar. 14. juni 2021 vart Sogn og Fjordane jordskifterett etablert som ein rettskrins med tre jamstilte rettsstadar i Sogndal, på Nordfjordeid og i Førde.

I dette bildet treng vi også å hugse på at Sogn og Fjordane tingrett vert etablert med tre rettsstadar i 2017 og tingretten her er dermed ikkje berørt av høyringa.

Hjå oss er jordskifteretten og tingretten no samlokaliserte på alle dei tre rettsstadane. Vi deler rettssalar, kontorfunksjonar og nokre sakshandsamarar og vi har same geografiske rettskrinsen. I nokre samanhengar har vi kalla det for Sogn og Fjordane modellen.

Fakta om Sogn og Fjordane jordskifterett - bemanning

Vi har 3 jamstilte rettsstader og ingen rettsstad er overordna/underordna.

I Sogndal har vi to jordskiftedommarar, to ingeniørar og ein sakshandsamar. I Førde har vi

jordskifterettsleiar, tre jordskiftedommarar, tre ingeniørar og to sakshandsamarar. På Nordfjordeid har vi to jordskiftedommarar, to ingeniørar og to sakshandsamarar.

Leiaren er jamleg tilstades på alle tre rettsstadane. Den eine dommaren på Nordfjordeid er delt mellom Førde og Nordfjordeid. I tillegg har vi ein konstiutert jordskiftedommar på Nordfjordeid frå august 2022 til august 2023. Sakshandsamarane på Nordfjordeid har delte stillingar med tingretten.

Korleis jobbar vi? Nærleik til brukarane

Høyringsnotatet frå regjeringa problematiserer nærleiken til brukarane. Vi har nærleik til brukarane, alltid, ved at jordskifteretten set rett på staden der eigedomen er. Slik har det vore og slik skal det fortsette, uavhengig av organisering. Rettsmøta vert haldne i kommune-/samfunns-/grendahus nær eigedomane saka gjeld. Ingeniørane utfører oppmålings- og merkearbeidet på staden og retten er på synfaring. Målet vårt er at alle brukarane får lik handsaming og dei tilsette får fagleg utvikling. For alle tilsette er det svært viktig at vi har tryggleik for at rettsstadane består over tid. Eg føler meg trygg på at samlokalisering i rettsmiljøet er god distriktspolitkk og sikrar rettstryggleik i distriktet. Vi må alltid spørje oss kva som er viktig for brukarane. Vi erfarer at følgande er viktig

Nærleik til domstolen – vi kjem til brukarane.

Tid – vi må legge opp til ein mest mogeleg effektiv handsaming.

Rettstryggleik – habilitet og fagleg dugleik.

Kva har kommunane i rettskrinsen sagt i høyringa?

No er det slik at lokalt har dei kommunane som har rettsstader handsama høyringa med forslag om reversering. Dette gjeld Kommunane Sogndal, Stad og Sunnfjord som alle seier nei til regjeringa sitt reverseringsframlegg og ja til dagens organisering, med vekt på utvikling av gode rettsmiljø og bevaring av arbeidsplassar, og styrka rettstryggleik for innbyggarane i sine vedtak.

Kva meiner dei tilsette?

Blant dei tilsette er det eit fleirtal for å halde på dagens struktur, nokre er usikre/nøytrale og nokre få er i mot. Dette går fram av den enkelte fagforeining hjå oss sine høyringsfråsegner. Men vi er også samde om mange punkt, slik det går fram av fellesfråsegna.

Føremuner og ulemper med dagens struktur

Eg meiner at vi allereie etter 10 månader kan vise at vi er ein meir effektiv domstol til beste for brukarane.

Vi har fått auka fleksibilitet:

  • Dommarressursane kan nyttast i heile rettskrinsen.
  • Rettsmekling kan tilbys til alle brukarane våre.
  • Vi kan unngå inhabilitetsproblematikk.

Vi har styrka fagmiljøet:

  • Digitale og fysiske faglege møteplassar.
  • Aktiv leiing og saksstyring.
  • Høve til avgrensa spesialisering.

Leiaren er jamleg til stades på alle tre kontora, og er alltid tilgjengeleg for alle. Som domstolleiar har eg teknisk koordinator, administrativ koordinator (kjem på plass i mai/juni) og ein stedfortredar. Det er klart at ein organisasjon med 20 tilsette krev ei aktiv leiing og dedikerte ressursar. I motsetning til tingrettane har ikkje vi administrasjonssjef, ei heller har vi pr dato ikkje mogelegheita til å tilsette ein nestleiar heller. Når det gjeld ynskjer for forbetringar av dagens organisering, så viser eg til Domstoladministrasjonen sitt høyringssvar, kap. 5.2-5.4 og 6.2 og støttar dette.

I tillegg ligg det føremuner og ei effektivisering i samarbeid med Sogn og Fjordane tingrett på dei tre rettsstadane:

  • Deler sakshandsamarar på Nordfjordeid.
  • Felles rettslokale på alle tre rettsstadane.
  • Felles kontor og kontorfunksjonar.

Rettstryggleik er viktig for brukarane våre. Dei skal vere trygge på at saka deira vert handsama med god fagleg kvalitet og innanfor rimeleg tid. Fagleg kvalitet viser det seg som hovudregel vert best teke i vare med dommarar som har eit fagleg miljø å jobbe i og vi unngår lettare inhabilitet. Brukarar som har fleire saker, over år, møter ulike dommarar i sakene. Eit noko større miljø enn «einedommar-rettsstader» kan også lettare få god framdrift i alle saker sjølv om ulike utfordringar oppstår som t.d. sjukefråvær og vi slepp å utsette saker av slike grunnar. Rettsmekling er også lettare å få til i fleire saker, fordi vi har fleire rettsmeklarar å spele på. Også her unngår vi no inhabilitetsspørsmålet for dommar i saka. Alt i alt har vi lokalt i jordskifteretten fått meir fleksibilitet til å gjere ein betre fagleg jobb og vere den problemløysaren for fast eigedom i Norge som vi skal vere. Vi har allereie etter 10 månader med ein noko større rettskrins fått kortare sakshandsamingstid, noko alle dei tilsette har gjort ein god jobb for å få til.

Eg ynskjer at regjeringa ikkje let denne høyringa berre handle om kven som har mest rett i juss eller politikk. Eg meiner at vi kan vise at den organiseringa vi har i dag viser seg å fungere betre, på så mange vis, enn den vi hadde før.

Reverserast til kva?

Høyringsnotatet gjev ikkje svar på korleis vi skal vere organisert dersom vi skal reverserast. Dei tidlegare rettskrinsane Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett og Indre Sogn jordskifterett har hatt felles leiing frå 2016. Betyr ei reversering tilbake til ei felles leiing for desse to?

Eg er kjent med at nokre få meiner at ved ei reversering er det ynskje om å endre inndelingsgrensene. Eg oppfattar dette som ei god stadfesting av at kvar og ein av dei tre rettsstadane i Sogn og Fjordane er tente med å halde på dagens organisering og at vi er sårbare kvar for oss. Dersom endra inndeling skal vere eit tema, må det forventast at det vert gjort ein tilleggsprosess som er demokratisk, open og har gode utgreiingar av spørsmålet om inndelingsgrenser.

Departementet sine framlegg om alternativa til dagens struktur

Eg støttar Domstoladministrasjonen sitt høyringssvar kapittel 7.3 og heile kapittel 8.

Trygging av framtidig struktur og bemanning

Eg støttar fellesfråsegna frå dei tillitsvalde og domstolleiar og til Domstoladministrasjonen sin uttale i pkt. 6.2 i avsnittet om Stillingsgaranti.

Avslutning

Eg meiner Sogn og Fjordane jordskifterett er godt i gang med å vidareutvikle ein jordskiftedomstol med fokus på brukarane. Eg opplever motivasjon og vilje blant dei tilsette til å møte forventningane både frå arbeidsgivar og brukarane. Strukturen vi har i dag er svært viktig for å fortsetje utviklinga. Eg har no serleg merksemd til dei tilsette som har stått i endringar og strid om organiseringa over tid. Dei særskilte utfordringane i Sogn og Fjordane er kjende.

I Sogn og Fjordane har vi tre jamstilte og bemanna rettsstader. Vi reiser på same måte ut og set rett der saka er. Og det er same rettleiing, no som før, i dei lokala som ligg den einskilde nærast, sjølv om vi merkar at det er monaleg meir bruk av e-post og telefon. Vi meiner at nærleiken til brukarane, den lokale forankringa og rettstryggleiken til kvar einskild innbyggar i rettskrinsen ikkje er svekka med dagens organisering. Kvar leiaren av domstolen til ei kvar tid har sin kontorplass har ikkje innverknad på dette. Det er eit krav at jordskifterettsleiaren i Sogn og Fjordane jordskifterett er jamleg til stades ved alle rettsstadane.

Eg rår frå å gå vidare med reverseringa av strukturen hjå oss, gje oss arbeidsro, og i staden sjå på kva som kan gjerast for å ytterlegare styrke og utvikle den noverande strukturen. Dette inneber også å sikre bemanninga på alle dei einskilde rettsstadane.

For Sogn og Fjordane jordskifterett er det no slik at

  • domstolleiar ynskjer å oppretthalde dagens struktur
  • dei tre kommunane som er vertskommunar for rettsstadane ynskjer å oppretthalde dagens struktur
  • fleirtalet av dei tilsette ynskjer å oppretthalde dagens struktur, medan nokre er nøytrale/usikre og to har uttrykt ynskje om reversering. Dette siste går også fram av høyringsfråsegnene til fagforeiningane lokalt og fellesfråsegna frå dei tillitsvalde og domstolleiar.

Både dei faglege og dei politiske forventingane i Hurdalsplattforma er dermed oppfylt, slik eg forstår intensjonen i høyringsbrevet til regjeringa. Det skulle difor ikkje vere grunn til å reversere situasjonen for Sogn og Fjordane jordskifterett.

Med helsing

Sogn og Fjordane jordskifterett

Annlaug H. Kjelstad

Domstolleiar og jordskiftedommar