Høringssvar fra Advokat Tonje Tvilde

Dato: 26.04.2022

Underteikna er lokalisert på Voss og har gjennom dei siste åra hausta erfaringar frå saker som tidlegare har høyrt under Hardanger tingrett og Bergen tingrett, og etter reforma - nye Hordaland tingrett. I den samanheng ynskjer me å kome med våre innspel i reverseringsdebatten.

Innleiingsvis vil me understreke at vårt inntrykk er at det ikkje er noko å utsetje på nivået i Hardanger tingrett, verken i høve til fagleg kompetanse, service eller samspelet med publikum. Snarare tvert om.

Voss tingrett vart i 2006 lagt ned og lagt under Nordhordland tingrett. Frå 2017 inngjekk Nordhordland tingrett som ein del av Bergen tingrett. Då tingretten på Voss vart lagt ned vart det gitt lovnader om at den lokale forankringa skulle stå sterkt og at domstolen skulle kome til publikum -ikkje motsett. Dette skulle mellom anna gjerast ved at ein skulle setje rett på Voss, dersom partane var heimehøyrande her. Ein skulle òg nyttiggjere seg av det eksisterande advokatmiljøet.

Dessverre har ein sidan 2006 opplevd ei stadig aukande sentralisering av saker til Bergen – stikk i strid med dei lovnader som vart gitt. Ein ser òg at retten i mindre grad nyttar seg av lokale advokatar, og i staden nyttar advokatar som har kontor sentralt. Dette er uheldig av fleire årsaker.

For det fyrste vil manglande bruk av lokale advokatar vere prosessøkonomisk fordyrande, både for domstolen og ikkje minst for publikum. I tillegg vil ei sentralisering innebere at publikum misser det servicetilbudet som tingretten yter i mange lokalsamfunn. Lokalkunnskapen til tingretten er òg ein viktig verdi ein lett mistar ved sentralisering.

Vidare vil ei sentralisering innebere ei svekking av advokat- og juristmiljøet i distrikta, noko som igjen vil ha negativ påverknad på rettstryggleiken til publikum.

Me er uroa for kor vidt ei oppretthalding av domstolsreformen inneber ei tilsvarande utvikling som den me erfarte då Voss tingrett vart lagt ned. Av den grunn ynskjer me ein desentralisert struktur i domstolen, ein struktur som er sterkt lokalt forankra – både i teori og praksis.

Mvh

Advokat Asgeir Ohnstad

Advokat Tonje Tvilde