Høringssvar fra Vestre Slidre Senterparti

Dato: 24.04.2022

Høyringssvar
Domstolreformen

Vestre Slidre Senterparti har henta inn informasjon om domstolreformen og diskutert konsekvensar for Valdres tingrett (Fagernes rettsstad) og Valdresjordskifterett.
Vi har også vore i direkte kontakt med tilsette lokalt i Valdres og vi har fått utgreiing frå ein av kommunedirektørane i Valdres, som har utgreidd saka på vegne av Valdreskommunane.

Vi vil peike på at nokre tilsette ved Fagernes rettsstad (Tingretten) seier dei ikkje er nøgde med domstolreformen. Dei meiner dei tilsette på Fagernes har fått dårlegare tid til publikum og at dei må prioritere samarbeid med andre rettsstader framfor å betjene publikum. Dette er brukarar som ofte er i ein sårbar situasjon. Dei tilsette meiner det også er stor gjennomtrekk blant domarar-/ domarfullmektigar og dei seier at den påståtta breie semja mellom dei tilsette om at domstolreformen er positiv, ikkje stemmer. Alle tilsette vart ikkje høyrt, meiner dei, og dei meiner framstillinga frå kommunedirektørane i Valdres ikkje var dekkande og dermed førte til uheldige vedtak i ein del kommunar.

Som politisk samfunnsaktør i Valdres vil vi peike på at det er viktig for Valdresssamfunnet å ha breie, lokale juridiske kompetansearbeidsplassar og at denne blir best styrt med lokal styring. Med leiing på Gjøvik / Lillehammer står vi i fare for å bli nedprioritert ved økonomiske nedskjeringar eller endra politiske prioriteringar.

Når det gjeld jordskifteverket seier dei tilsette i Valdres at dei er nøgde med reformen, men dei seier også at dei samarbeidde bra før og dei samarbeider bra no. Viktigast for dei er nok å ha ressursar til arbeidet.

Vi stør difor regjeringa sitt høyringsbrev, der dei seier at dei vil styrke dei mindre rettsstadene/ tingrettene. Av omsyn til det samla miljøet og rettstryggleiken meiner vi både jordskifteverket og tingretten må styrast frå Valdres.

Vestre Slidre Senterparti