Høringssvar fra Stad kommune

Dato: 21.04.2022

Stad kommune viser til Justis- og beredskapsdepartementet sitt høyringsbrev av 26. januar 2022 som gjeld forslag om endring i domstolstrukturen, og gir med dette uttale i saka.

Stad kommune er vertskommune for Sogn og Fjordane tingrett og Sogn og Fjordane jordskifterett ved rettsstad Nordfjordeid. Stad kommune ligg i Nordfjord, ein bu- og arbeidsmarknadsregion med omlag 30.000 innbyggjarar beståande av kommunane Stryn, Stad, Gloppen og deler av Bremanger og Kinn.

Sogn og Fjordane tingrett vart etablert med tre rettsstadar i 2017, lokalisert på Nordfjordeid, i Førde og i Sogndal. Tingrettsstrukturen vart ikkje endra ved domstolsreforma av 2021, og rettsstaden på Nordfjordeid er såleis ikkje omfatta av dagens prosess om endring av domstolsstruktur.

Sogn og Fjordane jordskifterett vart etablert som 1 rettskrins med 3 rettsstadar ved domstolsreforma i 2021. Rettsstadane sine lokaliseringar er tilsvarande som for tingretten. Jordskifteretten på Nordfjordeid er omfatta av dagens prosess om endring av domstolsstruktur, og denne høyringsuttalen knyt seg i det vesentlege til jordskifteretten.

Stad kommune sluttar seg til regjeringa sitt grunnleggande standpunkt og målsetting om at ein skal ha ein domstolsstruktur som sikrar innbyggarane god rettstryggleik og tilgjengelege teneste. Slik Stad kommune ser det, så synes desse to grunnleggande målsettingane og verdiane allereie å vere ivaretekne gjennom gjeldande organiseringa av Sogn og Fjordane jordskifterett – rettsstad Nordfjordeid. Stad kommune finn då heller ikkje grunnlag for å støtte ei tilbakeføring til domstolsstrukturen før 2021.

Jordskifteretten skal fungere som ein problemløysar for tvistar knytt til fast eigedom og rettar til eigedomane som ligg til rettsstad Nordfjordeid, og jordskifteretten skal reparere ulempene skapt av uklare og uhensiktsmessige eigedomstilhøve. Målsettinga om nærleik til tenesta for innbyggarane i rettskrinsen blir etter Stad kommune sitt syn teke i vare gjennom det grunnleggande prinsippet om at jordskifteretten skal setjast ned nærast mogleg den eigedomen som saka gjeld. Noko som betyr at jordskifteretten i dag nyttar både samfunnshus og rådhus i den kommunen som saka går. Tilsvarande nærleiksprinsipp gjeld ved rettsmekling. Oppmålings- og merkearbeid skjer elles på gjeldande eigedom/eigedomar.

Jordskifteretten med rettsstad Nordfjordeid er elles fast bemanna, som før domstolsreformen av 2021. Unntaket gjeld for jordskifterettsleiar-stillinga, som no er felles med rettsstadane i Sogndal og i Førde. Bemanninga på Nordfjordeid er elles sikra ved at Stortinget i samband med domstolreforma av 2021 bestemte at ved rettsstadar med fire faste dommarårsverk eller mindre, skal talet på årsverk knytt til kjerneverksemda oppretthaldast, jf. også høyringsnotatets punkt 3.1 nest siste avsnitt. Dette prinsippet bør etter Stad kommune sitt syn vidareførast i ei eller anna form, bør om mulig forskriftsfestast, i tillegg til at ein bør arbeide vidare for å styrke og utvikle noverande rettsstad-struktur. Særleg viktig er det å sikre ei grunnbemanning som også består av jordskifterettsdommar – der storleik og saksmengda til rettsstaden tilseier dette.

Stad kommune er som regjeringa også oppteken av innbyggarane sin rettstryggleik, og at målsettinga skal vere «god» rettsstryggleik slik regjeringa også skriv. Svaret på kva som er «god» rettstryggleik og korleis ein på ein best mogleg og effektiv måte kan oppnå dette, finst det nok ingen fasit på. Men det er nærliggande å hevde at det i alle høve er ein føresetnad at jordskifteretten har ei viss bemanning, ei fagsamansetting og ei organisering som samla sett gir god fagleg kvalitet, eit best mogleg fleksibelt og effektiv tenestetilbod – levert på ein tillitsvekkande måte. Ein kan setje spørjeteikn ved om ein oppnår dette ved mindre, sjølvstendige rettsstadar.

Ein jordskifterett som har ei viss bemanning, ei fagsamansetting og ei organisering som samla sett gir god fagleg kvalitet, eit best mogleg fleksibelt og effektiv tenestetilbod vil også vere ein attraktiv arbeidsstad. Som ein del av diskusjonen om domstolsstrukturen og kva grep som sikrar god rettstryggleik bør ein også ta omsyn til kva løysing som totalt sett synes å vere berekraftig også på lenger sikt, her under moglegheitene for rekruttering og moglegheitene for å møte forventningane til nye arbeidstakarar. NOU 2020:15, Det handler om Norge, nyttar samleomgrepet «Demografiutfordringer» om summen av tre forhold som vil prege distrikts-Noreg i framtida: Folketalsnedgang, aldring og spreidd busetnad. Nesten 300 av dei drygt 400 kommunane i Noreg hadde folketalsnedgang i 2019. Sjølv om folketalet kan stabilisere seg i framtida i mange av desse 300 kommunane, vil snittalderen på innbyggjarane auke kraftig. Kombinert med ein generell mangel på kvalifisert arbeidskraft i mange yrke nasjonalt, vil det i deler av distrikts-Noreg kunne bli sterk ubalanse mellom trongen for arbeidskraft og tilgangen til kompetanse og kapasitet til løyse velferdsoppgåvene i mange distriktskommunar. Demografiutvalet påpeiker at dette vil krevje langt sterkare innsats enn i dag innanfor tenesteinnovasjon og -utvikling, blant anna gjennom bruk av ny teknologi, nye metodar og betre oppgåvefordeling.

Stad kommune merkar seg elles høyringssvaret frå Tekna stat si etatsforeining i jordskifterettane avdeling Sogn og Fjordane. I sitt høyringssvar av 15. mars 2022 konkluderer Tekna med følgjande: «Tekna stat si etatsforeining for jordskifterettane avdeling Sogn og Fjordane frårår å gå vidare med reverseringa, men i staden sjå på kva som kan gjerast for å ytterlegare styrke og utvikle den noverande strukturen. Dette inneber også å sikre bemanninga på alle dei einskilde rettsstadane. Dette meiner vi ein best kan oppnå ved at avgjerdsmynde om domstolstruktur, det vil seie inndelingsgrenser og bemanna rettsstadar, ligg til Stortinget».

Konklusjon:

Stad kommune tilrår at gjeldande struktur for Sogn og Fjordane tingrett med rettsstad Nordfjordeid vert oppretthalden, men slik at ein arbeider vidare med å styrke og utvikle noverande struktur. Særleg viktig er det å sikre ei grunnbemanning som også består av jordskifterettsdommar – der storleik og saksmengda til rettsstaden tilseier dette. Avgjerdsmynde om domstolstruktur, det vil seie inndelingsgrenser og bemanna rettsstadar, bør elles ligge til Stortinget.