Høringssvar fra Møre og Romsdal tingrett avd Volda

Dato: 26.04.2022

Høringssvar Møre og Romsdal tingrett - rettsstad Volda

Vi i tidlegare Søre Sunnmøre tingrett er stort sett nøgde med å vere ein del av Møre og Romsdal tingrett, men ønsker likevel reversering av Møre og Romsdal tingrett.

Å måtte jobbe på kryss av dei forskjellige rettsstadane er ikkje enkelt. Møre og Romsdal er eit fylke med store avstandar. Reisetida mellom den nordligaste sørligaste rettsstad er over fire timar og har to ferjer. Ein sakshandsamar må i dei forskjellige sakene ofte ha lokalkunnskap, noko som er svært vanskeleg og tidkrevjande. Dette kan vere størrelse på rettssalar i dei forskjellige tinghusa, og kva aktørar som er knytt til dei ulike rettsstadane.

Sakshandsamarane jobbar på ulike måtar og den einskilde dommar vil ha det på sin måte, sjølv om retningslinjene er like. Vi fryktar at avstanden mellom publikum/partar og tingretten blir større om for eksempel behandling av skifte skal bli utført av ein saksbehandlar i Molde, Ålesund eller Kristiansund.

Sakshandsamarane i Volda jobbar med alle saksfelta i tingretten. Vi kan ikkje sjå at vi har blitt betre sjølv om vi har blitt ein større rettsstad. Vi som jobbar i Volda har god dialog med kvarandre rundt faglege problemstillingar, men det er ikkje like enkelt å skape god fagleg dialog med ein kollega på ein annan rettsstad via telefon eller videolink. På dei andre rettsstadane jobbar dei spesialisert, med ein eller to til tre typar saksområde. Ved å arbeide spesialisert vert rettsstadane meir sårbare ved sjukdom og ferie. Etter samanslåinga har det vore høgt sjukefråvær i Møre og Romsdal tingrett. Rettsstad Volda har til ei kvar tid avlasta og hjelpt dei andre rettsstadane då alle sakshandsamarane i Volda arbeider med alle fagfelt.

Dommarane i Volda reiser ofte rundt til dei andre rettsstadane. Denne reisinga gjer at det vi i Volda ikkje alltid har ein dommar til stades som kan bistå med faglege problem eller signere på orskurdar og vedtak. Dommaren som er i Volda sitt stort sett i rettsmøter og er opptatt. God kommunikasjon mellom sakshandsamar og dommar er avgjerande for god saksflyt. Vi har også opplevd at aktor i straffesaker sender saker som skal gå i Volda til Ålesund. Vi er redd for at dette kan bli meir og meir vanleg, då aktor sparer ein god del i reisetid ved å sende sakene til Ålesund i staden for til Volda. Vi er også redde for at oppgåver i Volda kan forsvinne meir og meir.

Møre og Romsdal tingrett rettsstad Volda har etter samanslåinga ikkje hatt stadleg leiing. Det er delte meiningar om stadleg leiing er nødvendig.

Slik Møre og Romsdal tingrett er organisert no så går ein del tid vekk til administrasjon og videomøter med dei ulike faggruppene.

Fleire av oss fryktar at fleire oppgåver og saker forsvinn frå tidlegare Søre Sunnmøre tingrett. Erfaring med sammanslåing, er at større rettstadar vert prioritert over tid, som gjer at vi er uroa for at Volda vert nedbygt og sentralisert bort frå vår region jf namsmannen og skatteetaten (NAV). Dette vil igjen føre til dårlegare tilbod til lokalbefolkninga og at advokatane flyttar frå området. At vi er vert meir utilgjengeleg for brukarane våre er vil vere med på å svekke tilliten til domstolen.


Møre og Romsdal tingrett, rettsstad Volda sakshandsamarane

Linn Wangen Mork Christopher Berg Zetterstrøm Solveig Lied Bjørkedal