Høringssvar fra Voss herad

Dato: 04.04.2022

I samband med mogleg reversering av ny domstolsstruktur er kommunane inviterte til å koma med høyringsinnspel. Voss herad vil nytta høvet og vil peika på følgjande:

Dagens domstolsstruktur fungerer godt for Voss herad. Med gode kommunikasjonar mot Bergen og med høve for å setta rett på Voss, finn me at dagens struktur ikkje bør endrast på.

Voss herad er og vertskapskommune for delar av Jordskifteretten. Jordskifteretten er lokalisert både i Bergen og på Voss med delt leiing. Voss er den minste rettsstaden, men leiaren høyrer heime på Vossakontoret. Denne organiseringa har fungert i fleire år, fyrst som eit forsøk, seinare på permanente basis. Erfaringane frå denne organisasjonsmodellen er udelt positive. Det er verdt å merka seg at denne ordninga viser at det er råd å finna kombinerte ordningar, som både tek omsyn til ønskje om effektivisering og omsyn til ønskje om ein desentralisert struktur. Det er ikkje eit spørsmål om enten desentralisering eller sentralisering, det er råd å få til begge deler.

For å styrka jordskifteretten og for å styrka tingrettar som er blitt rettsstader, bør ein no i vurderinga av struktur sikra eksistensen til dei nye rettsstadane som kom med domsstolsreforma gjennom å lovfesta rettsstadane. Då vil usikkerheita og nedleggingsspøkelset vera borte og ein kan heller fokusera på samarbeid og utvikling.

Oppsummert så ønskjer ikkje Voss herad nye endringar av domsstolstrukturen, men me ber om at dagens struktur også for rettsstader vert slått fast gjennom lovfesting.

Vedlegg