Høringssvar fra Stord kommune
Høyringssvar frå Stord kommuneA erArkivref: 2022/1987 - 3119/2022 |
| |
Saksnr | Utval | Møtedato |
14/22 | Formannskapet | 16.03.2022 |
Uttale - Høring om endring av domstolstruktur
1.Stord kommune støttar høyringsframlegget.
a.Til høyringsnotatet pkt. 3.2.1.:
i.Det ligg ikkje føre reell lokal forankring om å halda på strukturen som gjeld i dag
b.Til høyringsnotatet pkt. 3.2.2:
i.Formannskapet støttar departementet sitt framlegg til endring i domstollova § 33 c, 2. ledd, slik at det berre unntaksvis skal vera høve til å bestemma at to eller fleire domstolar skal ha felles domstolleiar
c.Til høyringsnotatet pkt. 3.2.3:
i.Formannskapet støttar ikkje felles saksinntak. Dersom fordeling av saker på tvers av domstolane skal finna stad, må det skje frå sak til sak og etter lokal domstolleiar sitt samtykke
d.Til høyringsnotatet pkt. 4:
i.Formannskapet støttar framlegget om å auka bevillingane til domstolane for å tilsetja fleire embetsdommarar ved mindre rettsstader
2.Formannskapet legg til grunn at det fortsatt vert arbeida for å finna felles lokale for tingretten og jordskifteretten på Stord, fortrinnsvis i eit nytt Statens hus.