Høringssvar fra Samnanger kommune

Dato: 13.04.2022

Høyringsuttale vedteken av Samnanger kommunestyre 07.04.2022:

Konsekvensane for Samnanger kommune av domstolsreforma i 2021 var små. Samnanger kommunestyre kan ikkje sjå at den lokale forankringa eller tingretten si forståing for lokale tilhøve har endra seg for vår del. Ei tilbakeføring til slik det var før 2021 vil på same måte ha mindre konsekvensar for kommunen, korkje negativt eller positivt.

På generelt grunnlag saknar kommunestyret i Samnanger ein meir nyansert debatt om reformen. På den eine sida er det verdt å merka seg at den vart gjennomført på bakgrunn av ein svært kritisk rapport frå Riksrevisjonen der det vart påpeika at den dåverande domstolstrukturen gav manglande effektivitet, problem knytt til gildskap og vanskar med å rekruttera til ledige stillingar ved dei mindre tingrettane og jordskifterettane. Det vart også peikt på at dette gjekk ut over rettstryggleiken.

På fleire område ser domstolsreformen også ut til å ha fungert etter intensjonen, med styrka fagmiljø og reduserte kostnader til byråkrati innan rettsvesenet.

På den andre sida var domstolsreforma prega av kompromiss, etter at det i utgangspunktet var på tale å leggja ned dei mindre tingrettane. Ein valde å halda på rettstader, men kommunestyret i Samnanger har forståing for t.d. Hardangerrådet si uro for gradvis nedbygging i distrikta. Ei full reversing av reformen er ikkje av den grunn det riktige, men det kan vera riktig å gjera endringar i nokre område.

Fordi Samnanger i lita grad vil verta påverka, finn kommunestyret det unaturleg å gå inn for eller mot konkrete endringar i vår region. Kommunestyret vil likevel peika på at det å lovfesta rettsstader kan vera med på å sikra eksistensen til dei nye rettsstadene, og redusera usikkerheit, uro og nedleggingsfrykt, slik at det heller kan fokuserast på samarbeid og utvikling.