Høringssvar fra Volda kommune

Dato: 22.04.2022

Tingretten:

1. Volda kommune ønskjer å gjenopprette Søre Sunnmøre tingrett som sjølvstendig domstol med stadleg leiing. Volda kommune meiner dette best ivaretek innbyggjarane sin rettstryggleik og brukarinteresser, samtidig som det sikrar viktige statlege kompetansearbeidsplassar i regionen.

2. Volda kommune ønskjer at Søre Sunnmøre tingrett skal styrkast ved at rettskrinsen til domstolen vert utvida. Dette vil gje fleire brukarar i regionen ferjefri tilgang til domstolstenester og sikre noverande, samt legge til rette for fleire, statlege kompetansearbeidsplassar i regionen.

3. Volda kommune ønskjer at forskrift om felles leiing skal opphevast slik at Søre Sunnmøre tingrett også i framtida etter gjenopprettinga vert sikra stadleg leiing.

4. Volda kommune støttar ei framleis styrking av dei små domstolane ved tildeling av fleire embetsdommarstillingar og ved at ein legg til rette for fagleg utvikling og ressursutnytting på tvers av sjølvstendige domstolar.

Jordskifteretten:

1. Jordskifteretten må lokalisert slik at den legg til rette for næringsutvikling og rasjonell bruk av areala i landet vårt. Dette kan ein kun oppnå dersom jordskifteretten er lokalisert der eigedommane ligg. Jordskifteretten i Ørsta er godt lokalisert for å yte tenester til heile Sunnmøre der den ligg i dag.

2. For å sikre likeverdige kontor I fylket vil stadleg leiing på same måte som hos tingretten vere viktig. Jordskifterettane vil på same måte som i dag likevel kunne samarbeide for betre ressurs-utnytting, og omsynet til å bevare nærleik til domstolane med at sakene vert behandla ved dei tre kontora i Surnadal, Molde og Ørsta.

Vedlegg