Høringssvar fra Håkon Dag Sørland

Dato: 24.04.2022

Dato: 17.04.2022

Til

Justis- og Beredskapsdepartementet

0030 OSLO

HØYRING OM DOMSTOLREVERSERING Uttale frå Håkon Dag Sørland

Senterpartiet fekk i regjeringsforhandlingane med seg Arbeiderpartiet, utruleg nok, på ei reversering av den nyleg vedtekne domstolstrukturen. Støre-regjeringa har på den måten gjort rettsvesenet om til ein politisk kasteball. Eg vil peike på nokre sider ved dette som eg meiner er skadeleg.

Rettstryggleik: Domstolane har som si hovudoppgåve å sørge for innbyggarane sin rettstryggleik. Alle skal vere like for lova. Difor er det viktig at første instans, tingrett eller jordskifterett, har dommarar med kunnskap og kompetanse. Det er meir sannsynleg at ein finn denne kunnskapen og kompetansen i eit større fagmiljø enn der ein eller to dommarar sit for seg sjølv og skal avgjere dei aller viktigaste sakene for den eller dei det gjeld.

Feil avgjerd i første instans blir ofte gjenteken i ankesakene. Når det ein baserer seg på, grunnlaget, er feil, oppstår det ein følgefeil som kan ha svært alvorlege konsekvensar.

Trygdeskandalen, eller NAV-skandalen, er dessverre berre eitt av mange døme på slike følgefeil. Difor er det avgjerande viktig at tingrett og jordskifterett har så god kompetanse at ein reduserer slike feil til eit minimum.

Domstolane nær folk: Dette mantraet kan ikkje ha oppstått frå dei innbyggarane som har hatt noko med rettsapparatet å gjere. "Folk flest" kjem aldri i kontakt med ein rettsinstans. Svært få må nokon gong møte i ei rettssak, og dei ser nok ikkje på reiseavstanden til rettslokalet som det største problemet.

Dei som har fått livet øydelagt fordi dommaren ikkje hadde kunnskap og kompetanse til å treffe rett avgjerd, finn lite trøyst i at det var kort veg til domstolen.

Dessutan har vel ikkje reforma ført til større avstand til rettslokala enn tidlegare.

Tillit: Partane i rettssaker må ha tillit til at dommaren er uavhengig og ikkje har bindingar som kan påverke saka. Rettstryggleiken er borte der den lokale dommaren blir oppfatta som ein kommunalt tilsett. Dette var ei reell problemstilling ved dei små domstolane, særleg i saker der kommunen var part eller hadde tilknyting til nokon av partane.

Organiseringa av den dømmande makta er ikkje ein del av det kommunale sjølvstyret. Domstoladministrasjonen, DA, vart i si tid oppretta nettopp for å halde avstand til det politiske miljøet.

Støre-regjeringa brukar organiseringa av domstolane i eit politisk spel. Dersom dei vinn fram med dette, og får fleirtal for ei reversering, vil det vere eit stort tilbakesteg for dei uavhengige domstolane og innbyggarane sin rettstryggleik.

HDS