Høringssvar fra Sveio kommune

Dato: 22.03.2022

Høyringssvar frå Sveio kommune.

Samrøystes vedtak i Sveio formannskap i sak 032/22, møtet 21.03.2022:

1. Sveio kommune vil rå til at Haugaland og Sunnhordland tingrett blir ført vidare som i dag med rettsstad både i Haugesund og på Stord. Kommunen kan ikkje sjå at den fusjonerte tingretten gjev mindre nærleik til publikum enn det dei to tidlegare tingrettane gjorde.

2. Sveio kommune vil rå til at Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett blir ført vidare som i dag med kontorstad i Leirvik sentrum på Stord, samlokalisert med rettsstaden på Stord.

Vedlegg