Høringssvar fra Randi Henden Tranås

Dato: 26.04.2022

«JUSTIS– OG BEREDSKAPS-DEPARTEMENTET –

HØYRING - REVERSERING AV DOMSTOLSTRUKTUR

I samband med ovannemnde sak har Stad kommunestyre, med 17 mot 16 røyster, gjort følgjande vedtak, den 31.03.2022:

«KONKLUSJON:

Stad kommune tilrår at gjeldande struktur for Sogn og Fjordane tingrett med rettsstad Nordfjordeid vert oppretthalden, men slik at ein arbeidar vidare med å styrke og utvikle noverande struktur. Serleg viktig er det å sikre ei grunnbemanning som består av jordskifterettsdommar . – der storleik og saksmengde til rettsstaden tilseier dette.. Avgjerdsmynde om domstolstruktur, det vil seie inndelingsgrenser og bemanna rettsstader, bør elles ligge til Stortinget.» (Mi utheving og understreking)

I denne konklusjonen framgår det at saka gjeld «Sogn og Fjordane tingrett», Dette er ikkje riktig, og ein kan ikkje sjå bort frå, at dette har verka inn på korleis representantane røysta.

Vidare er saksframlegget tvetydig når det gjeld opplysningane om antall tilsette i tingretten og i jordskifteretten. Det vert fyrst opplyst at der er så og så mange årsverk på dei einskilde rettsstadane, men så er det opplyst at nokre av årsverka er delt mellom tingretten og jordskifteretten, utan å gje nokon fordelingsprosent. Noko ein må ha, for å få dei rette årsverka.

Det vert elles i saksframstillinga referert frå ei utgreiing frå fagforeininga Tekna, utan at det går fram kor mange av dei tilsette på Nordfjordeid som er medlemar i Tekna, Truleg er det jordskifterettsdomstolsleiaren i Førde som er medlem av Tekna. Dei tilsette i jordskifterettsdomstolen på Nordfjordeid er truleg medlemar i NITO og Parat. I Møre og Romsdal går 80% av medlemmane i Parat inn for reversering, noko som og står i saksutgreingane frå kommunedirektørane i Volda og Ørsta.

Det vert såleis sers misvisande å legge Tekna si fråsegn til grunn i sakshandsaminga, dersom denne fagforeninga ikkje har medlemar med fast kontorstad på Nordfjordeid.

Etter det eg kan sjå, er det heller ikke halde noko møte med advokatane på Nordfjordeid, for å høyre deira meining om saka.

Ein kan ikkje sjå bort frå at slike feil som dette kan ha hatt innverknad på avrøystinga, og det riktigaste må då vere at saka vert handsama på nytt.

SOM DET FRAMGÅR av ovenfornemnde vedtak har Stad kommunestyre i tråd med kommunedirektøren si tilråding, med 17 mot 16 røyster, vedteke ei høyringsutsegn som altså støttar eit framlegg frå kommunedirektøren om på nytt å sentralisere ein viktig offentleg institusjon i Stad kommune til tettstaden Førde, no den jordskifteretten som heilt fram til våren 2021 har vore heilt sjølvstendig, og både leia og lokaliserrt frå sine kontor på Nordfjordeid.

NÅR DET GJELD dei einskilde røystene fordelte dei seg slik:

Fleirtalet på 17 var: AP, Høgre og deler av Venstre sine representantar

Mindretalet på 16 var: Senterpartiet. KRF, FRP og 2 av Venstre sine representantar

EG VISER TIL mitt innlegg i Fjordabladet den 08.04.2022, der eg argumenterte for framleis å ha ein sjølvstendig og lokalt leia jordskifterett på Nordfjordeid. Eg skreiv og at Stad kommune no måtte krevje å få attende tingretten sin, som vart flytta til Førde i 2005. Dette vert då å gjere på same måten som Namsos kommune, der dei i sitt vedtak krev at tingretten får attende domarfullmektigstillinga (sjå nedenfor).

I ettertid har eg no følgd med på korleis denne saka er handsama i andre kommunar som er i tilsvarande situasjon. mellom anna vertkommunane for dei tidlegare sjølvstendige tingrettane i Volda, Molde og Kristiansund, og dei tidlegare sjølvstendige jordskifterettane i Molde, Ørsta og Surnadal.

FOR INNBYGGJARAR OG VELJARAR i det komande kommunestyre-valet i 2023, meiner eg det er viktig å vite at politikarar og innbyggjarar i andre tilsvarande kommunar nektar å la så viktige samfunnsinstitusjonar som våre tingrettar og jordskifterettar, verte sentraliserte.

LA MEG BYRJE MED NAMDALEN, der eg no bur og som eg viste til i mitt førre innlegg.

Namsos formannskap gjorde den 05.04.2022 m.a. følgjande samrøystes vedtak:

«Namsos formannskap vedtar følgende uttalelse til høring om endringer i domstolstruktur

1. Domstolstrukturen før 2021, med egen stedlig ledelse ved Namdal tingrett gjeninnføres.

2. Namdal tingrett styrkes med å tilføre en ny dommerfullmektigstilling. Dette for å redusere sårbarhet og sørge for en bærekraftig domstolstruktur i hele landet.

3. Namdal tingrett kan være en pilot for utprøving av nye oppgaver som:

a. Ressurssenter for den sørsamiske folkegruppen i domstolsapparatet.

b. Å styrke og utvikle forliksrådenes rolle som lokal og desentral domstol.

(Mi utheving og understreking)

NÅR DET GJELD KOMMUNANE I VÅRT NABOFYLKE I NORD, MØRE OG ROMSDAL FYLKE viser utskriftene, tilnærma samrøystes vedtak om reversering. Både Høgre-representantar og Arbeidarparti-representantar går saman med dei andre partia Senterpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre i tilnærma, samrøystes vedtak om reversering. Berre i Ørsta gjekk Høgre og FRP imot. Men også i denne kommunen gjekk fleirtalet inn for reversering.

Volda: Samrøysts vedtak om reversering

Ørsta: Fleital for reversering, 5 mot 3 røyster (Høgre og Frp)

Molde: Fleirtal for reversering, 11 mot 1 røyst (Frp)

Kristiansund Skal handsamast den 26.04.2022

Surnadal Viser til fråsegn frå Nordmøre Interkommunalt politisk råd (IPR), underskrive av ordførarane i Aure, Gjemnes, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll, der det m.a. heiter:

«Rettssikkerheten for brukerne blir best ved at domstolsreformen reverseres og Nordmøre tingrett og Nordmøre jordskifterett igjen blir selvstendige domstoler med stedlig ledelse.»

Eit slikt vedtak kunne Stad kommunestyre også gjort.

Det er difor heilt uforståeleg at ein administrasjon og eit knapt fleirtal i Stad kommunestyre kan gå for ei fortsatt sentralisert leiing av både tingrettane og jordskiftedomstolane frå Førde.

EG ER GANSKE SIKKER på at folk flest i Stad kommune vil ha både jordskifteretten og tingretten sin lokalisert til Nordfjordeid i sin lokale region Nordfjord. Vi vil halde på vår eigenart og sjølstende. Vere eit merkenamn både nasjonalt og internasjonalt. Ikkje verte sentralstyrt frå ein makt-struktur i Førde. Om dette viser eg til kva både kommunedirektøren i Volda og Ørsta kommunar skriv i sine saksutgreiingar, der det m.a. står følgjande:

«:Departementet foreslår vidare å endre forskrifta for felles leiing slik at dette kun unntaksvis kan nyttast. Då ein vedtok dagens forskrift om felles leiing vart det også uttalt frå regjeringa at denne skulle nyttast kun i særlege tilfelle. Erfaring viser at regelen om felles leiing vart nytta så snart eit embete som domstolsleiar i ein mindre domstol vart ledig. Dette vart særleg tydeleg i Sogn og Fjordane. Der såg ein også at felles leiing berre var steg mot nedlegging av dei sjølvstendige domstolane der. Erfaringane frå Sogn og Fjordane tilsei at dersom ein skal vere sikra domstolstenester på Søre Sunnmøre, må forskrifta om felles leiing opphevast.

Stadleg leiing av ein sjølvstendig domstol er viktig for at interessene til brukarane på Søre Sunnmøre skal verte ivaretatt.

Administrasjonen meiner det er viktig at Søre Sunnmøre tingrett vert gjenoppretta som sjølvstendig domstol. Å t.d. berre innføre stadleg leiing ved rettstad Volda, vil ikkje fullt ut ivareta omsyna til brukarane sin rettstryggleik, eller omsynet til å sikre statlege kompetansearbeidsplassar i regionen. Med dagens regjering som har foreslått å reversere domstolsreformen, synes ikkje rettstad Volda sin eksistens å vere i fare, men ved eit eventuelt framtidig regjeringsskifte, vil rettstaden Volda igjen vere i spel. Dette fordi dstl § 25 seier at ein rettsstad kan leggast ned av regjeringa og berre foreleggast Stortinget. Ein sjølvstendig domstol kan ikkje leggast ned av regjeringa aleine.». (Mi utheving og understreking)

Altså:

Utviklinga i domstolstrukturen i Sogn og Fjordane er blitt eit «skrekkens eksempel» for leiinga i både Volda og Ørsta kommunar på Søre Sunnmøre. Dette må då vere «ein tankevekkjar» for dei folkevalde i Arbeidarpartiet, Høgre og delar av Venstre i Stad kommune.

LOKALE OFFENTLEGE INSTITUSJONAR er sers viktige delar av ein god offentleg samfunnsstruktur, og skal gjere det godt å bu også i utkant-Noreg.

Etter det eg forstår, kan det ikkje vere mangel på pengar som var grunnen til Solberg-regjeringa si sentralisering av domstolstrukturen, idet det var den same regjeringa som heva løna til dei nytilsette sorenskrivararane, til eit spenn frå kr. 1.361.000,- til kr. 1.763.000,-.

MILLIONLØNNINGAR FOR Å KJØRE BIL Solberg- regjeringa sin sentraliseringspolitikk har ført med seg at dei nye sorenskrivarane, som då vart HR-ansvarlege,, må reise lange vegar for å halde kontakten med personalet på dei einskilde rettsstadane. Denne reisinga vert då ein del av arbeidstida til dei nye sorenskrivarane som Solberg-regjeringa tilsette.

På førespurnad har Domstolsadministrasjonen i Trondheim opplyst at dei nye sentraliserte sorenskrivarane har ei løn som er differensiert etter talet på årsverk i rettskrinsen, og tabellen er såleis:

Årsverk frå: Årsløn:

1 – 9,9 kr. 1.361.000,-

10 - 24,9 kr. 1.446.000,-

25 - 49,9 kr. 1.498.000,-

50 - 99,9 kr. 1.588.000,-

100 – 199,9 kr. 1.697.000,-

200 - og oppover kr. 1.763.000,-

Alle dei nye sorenskrivarane som no er ute og argumenterar for sentraliseringa, er eigentleg inhabile i saka, idet den nye sentraliserte organiseringa kan bety ein god del høgare løn. Det har ikkje vore mogleg å finne ut kva ein sorenskrivar etter «gamle-ordninga» hadde i løn, men ein vanleg tingrettsdomar hadde pr. 01.10.2021 ei årsløn på kr. 1.238.000,-.

I STORTINGSVALET I 2021 sa folket ifrå at dei ikkje ville ha denne sentraliseringspolitikken. No står ein snart framføre eit kommuneval, og etter det som no har gått føre seg i Stad kommune kan temaet snart verte det same på nytt. Arbeidarpartiet må derfor no snu i denne saka

I denne samanhengen er det viktig å peike på at noverande Stad kommune ikkje må mista fleire kompetanse- arbeidsplassar til «Førde-byen». Dei må heller få attende slike arbeidsplassar, m.a. tingretten.

Ifølgje ein «tommelfinger-regel» vil 1 ny offentleg arbeidsplass generere 5 nye i det private næringslivet.

Tal frå Statistisk Sentralbyrå, viser at Førde kommune i 1951 hadde ei befolkning på 3 080, medan Eid kommune i 1951 hadde ei befolkning på 3 414.

I 1970 var tala endre til: Førde ei befolkning på 4 642, og Eid ei befolkning på 4 530

Etter 1970 har desse tala utvikla seg slik at i 2019, (d.v.s. året før kommuesamanslåingane), var befolkningstala for Førde og Eid på h.h.v. 13 092 og 6 151.

DETTE ER «TALLENES TALE», som både Arbeidarparti-politikarane, Høgre-politikarane og deler av Venstre-politikarane i Stad kommune er nødt til å ta inn over seg.

Einaste forklaringa på dette, er den sentraliseringspolitikken som har fått utvikle seg frå politisk hald.

POLITIKARANE MÅ DIFOR NO stå opp for bygdene sine, med krav om at dei også får statlege kompetanse-arbeidsplassar, med dei positive ringverknadane dette gjev. Det er mange å ta av, i f. eks. Oslo-regionen. I Namsos har vi fått ei sers vellukka etablering med utflytting av Statskog sin organisasjon.

EG REKNAR DIFOR NO MED at Senterpartiet sin justisminister Emilie Enger Mehl saman med Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum står ved lovnadene sine til folket i distrikts-Noreg, og sørgjer for at både Stoltenberg-regjeringa og Solberg-regjeringa sin sentraliserings-politikk vert reversert, også når det gjeld domstolane på Nordfjordeid, og at Arbeidarparti-representantane støtter dette i Stortinget. Difor må Arbeidarpartiet i Stad kommune, no lytte og sette seg inn i argumentasjonen til sine partifeller i ovannemnde kommunar i Møre og Romsdal og følgje deira eksempel i denne saka.

Mvh

Randi Henden Tranås

Jurist, tidlegare domarfullmektig i Nordfjord, og kontorsjef ved teknisk etat i Namsos kommune .