Høringssvar fra Tokke kommune

Dato: 02.05.2022

Tokke kommunestyre vedtok 050422 slik samrøystes fråsegn:

Tokke kommune sluttar seg til Vest-Telemarktinget si fråsegn av 7.des 2021 til endringar i domstolsstruktur.

Fråsegna frå Vest-Telemarktinget er slik:

Vest-Telemarkrådet er eit samarbeid moellom kommunane Tokke, Vinje, Seljord, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal. Det blir vist til uttale frå Vest-Telemarktinget den 10.desember 2019 og uttale frå Vest-Telemarkrådet til domstolskommisjonen av 19.mai 2020.

Vest-Telemark tingrett er med verknad frå 1.5.2021 lagt ned og i dag ein del av Telemark tingrett. Øvre Telemark jordskifterett er også lagt ned frå same tidspunkt og er ein del av Telemark jordskifterett. Tingretten og jordskifteretten har framleis rettstad i Kviteseid.

I Hurdalsplattforma heiter det på side 66 at Regjeringa vil:

  • Gjeninnføre strukturen for domstolane før domstolsreforma av 2021 for å vareta borgaranes rettstryggleik og sikre sjølvstendige domstolar med stadleg leiing, med inntak for domstolar der domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur.
  • Leggje til rette for at domstolar kan samarbeide betre, og greie ut korleis mindre domstolar kan styrkjast for å gjere dei mindre sårbare.

Vest-Telemarktinget ber om at det blir ein sjølvstendig tingrett i Vest-Telemark og at Øvre Telemark jordskifterett blir gjenoppretta. Ved gjenoppretting av øvre Telemark jordskifterett bør regjeringa sjå nærare på rettskrinsgrensene til jordskifteretten. Tingretten og jordskifteretten bør framleis vere samlokalisert, og med dagens kontorstad i Kviteseid.

Vest-Telemarktinget støttar framlegget i Hurdalsplattformen om at det bør leggast til rette for auka samarbeid mellom domstolane, og at dei mindre domstolane bør styrkast.