Høringssvar fra Gulating lagmannsrett

Dato: 22.04.2022

Høyringssvar til Justisdepartementet sitt forslag om endringar i strukturen til domstolane

Innleiing og oppsummering

Justisdepartementet sende 26 01 22 ut på høyring eit notat om endringar i domstolane sin struktur med frist for høyringsvar til 26 04 22.

I høyringsbrevet siterer departementet Hurdalsplattforma der det går det fram at regjeringa vil gjeninnføra strukturen frå før domstolreforma av 2021 for «å vareta borgaranes rettstryggleik og sikre sjølvstendige domstolar med stadleg leiing, med unntak for domstolar der domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur». Vidare skriv departementet at dei på bakgrunn av innkomne høyringsbrev vil gjera ei konkret og heilskapleg vurdering av om det ligg føre reell lokal forankring for å halda på dagens struktur i kvar enkelt rettskrets.

Me er usamde i premissane høyringsnotatet byggjer på og den framgangsmåten Regjeringa har vald.

Reforma i 2021 var solid fundert og resultat av eit grundig arbeid frå 2017 til 2021. Den var eit kompromiss som både tek omsyn til nærleik til brukarane og samstundes sikrar rettstryggleik og domstolane sitt sjølvstende. Ingen rettsstader vart eller kjem til å verta nedlagte som følgje av reforma og erfaringane so langt syner at den har gjeve betre ressursutnytting, sterkare fagmiljø og styrka fleksibilitet. Me syner til Domstoladministrasjonen (DA) sitt høyringsvar som konkret gjer greie for korleis reforma allereie no har byrja gje positive resultat på ei rekkje område.

Slik me ser det, vil ei reversering gjera det vanskeleg å utnytta domstolane sine samla ressursar effektivt. Reversering vil óg vera eit steg attende til ei ordning der tilbodet til brukarane ikkje vert like godt i heile landet, og gjera det vanskeleg å byggja sterke framtidsretta fagmiljø. I tillegg vil sjølve prosessen med reversering kosta så mykje, og ta så mykje av domstolane sine menneskelege og økonomiske ressursar, at det vil forseinka den pågåande og heilt naudsynte moderniseringa av domstolane.

Premissane høyringsnotatet byggjer på

Departementet skriv i høyringsnotatet at dei ynskjer å sikra god rettstryggleik og tilgjengelege tenester for innbyggarane i heile landet. Det er eit sjølvsagt utgangspunkt som det neppe er usemje om.

Slik me ser det, er desse omsyna godt ivaretekne i noverande struktur, og betre enn før reforma. Ingen rettsstader er lagt ned og bemanninga på dei små rettsstadene er sikra gjennom Stortinget sitt vedtak. Begge deler kan óg sikrast endå betre gjennom enkle lovendringar. Det siste kjem me attende til.

Omsynet til tilgjengelege tenester for innbyggjarane er difor ikkje noko argument for å gå attende til den gamle strukturen med mange små rettskretsar. Tvert om vil dei mindre rettsstadene vera meir sårbare for å verta nedlagte dersom strukturen vert reversert. Særleg gjeld det dei minste embeta, som vil ha for liten saksinngang til å forsvara ei forsvarleg minimumsbemanninga når ressursane ikkje kan nyttast innanfor rammene av eit større embete. På sikt kan dette mishøvet tvinga fram nedleggingar. Den beste sikringa mot nedlegging vil difor vera å oppretthalda noverande struktur, som legg til rette for ei forsvarleg ressursutnytting óg på mindre rettstader.

Heller ikkje omsynet til god rettstryggleik tilseier reversering. Tvert om syner erfaringane so langt at fagmiljøa i tingrettane allereie er i ferd med å verta sterkare etter reforma og at tilbodet til publikum har vorte meir robust, einsarta og med raskare behandling som effekt. Me syner igjen til DA sitt høyringssvar som går meir detaljert inn på desse tilhøva.

Departementet hevdar i høyringsnotatet at manglande lokal leiing kan gå utover korleis ressursane vert fordelte og svekka grunnlaget for å oppretthalda lokale domstolar. Dette synspunktet byggjer på ei oppfatning om at sorenskrivarane og DA ikkje lojalt vil følgja opp Stortinget sitt vedtak om minimumsbemanning og likeverdige rettsstader. Erfaringane so langt tyder ikkje på at det er tilfellet. Tvert om er det både frå sorenskrivarane og DA gjort eit stort og samvitsfullt arbeid med å leggja til rette for at den nye strukturen skal verka etter sin hensikt og gje positive effektar. Me syner på nytt til DA sitt høyringsvar til departementet. DA har óg kome med forslag til korleis ein endå betre kan sikra dagens rettsstader.

Det er i høyringsnotatet gjort gjeldande at stadleg leiing i form av lokale sorenskrivarar vil sikra domstolane si stemme i ålmenta og på ein betre måte ivareta maktbalansen mellom domstolane og dei andre statsmaktene. Det er óg ein premiss me er usamde i.

Det er ikkje grunngjeve, kva som tilseier at fleire lokale sorenskrivarar i små embete vil ha betre føresetnader for å verta høyrde og sikra maktbalansen mellom statsmaktene enn færre sorenskrivarar som leiar større embete. Det er langt meir nærliggjande å tenkja at færre sorenskrivarar, som leiar større embete, kan stå saman og fremja domstolane sine interesser meir effektivt og betre forsvara domstolane si rolle som den tredje statsmakt.

Regjeringa sine forslag til tiltak som kan betra ressursutnyttinga og gjera domstolane mindre sårbare

Departementet peikar i høyringsnotatet på at Riksrevisjonen har avdekka utfordringar knytt til domstolane si sakshandsaming, sakshandsamingstid og effektivitet og særleg peika på manglande fleksibilitet i ressursutnyttinga. Det vert i høyringsnotatet uttrykt eit ønskje om å leggja til rette for å møta desse utfordringane gjennom tiltak som kan betra samarbeidet mellom domstolar og gjera små domstolar mindre sårbare.

Departementet peikar i den samanheng på at reglane i domstollova om overføring av saker mellom domstolar (§ 38), tilkalling av dommarar frå andre tingrettar (§ 19), konstitusjon i sideordna domstolar (§ 55e) og oppretting av faste felles dommarstillingar (§ 33c) kan gjerast meir fleksible. Konkret foreslår departementet å endra domstollova § 38 slik at det ikkje lenger er eit vilkår at partane og domstolen sitt syn må innhentast for å kunne overføra ei sak frå ein domstol til ein annan.

Å gjera reglane i domstollova meir fleksible slik departementet foreslår har etter vårt syn ikkje potensiale i seg til å løysa utfordringa med dårleg ressursutnytting og sårbare domstolar. Dei nemnde reglane er ikkje utforma eller meint som verktøy for ressursfordeling. Det er óg vanskeleg å skjøna korleis det konkrete forslaget om å fjerna kravet i domstollova § 38 om at partane og domstolen skal høyrast før ei sak vert overført til ein annan domstol kan gje meir fleksibel ressursutnytting. Forslaget er dessutan eit inngrep i prinsippet om kontradiksjon og sorenskrivarane si uavhengige stilling. Satt på spissen opnar forslaget til dømes for at ein sorenskrivar eigenrådig kan overføra til ein annan tingrett fleire krevjande fristsaker med store konsekvensar for saksavviklinga til den tingretten som får sakene overført til seg.

Departementet har óg peika på felles saksinntak som ei løysing. Forslaget er ikkje utgreia eller utdjupa nærare i høyringsnotatet. Det er ikkje lett å sjå for seg korleis ei ordning med felles saksinntak skal fungera i praksis eller korleis den skal gjera ressursutnyttinga meir fleksibel. Sjølv med felles saksinntak må nokon ha mynde til å avgjera kvar sakene skal handsamast og ta ansvar for at dei totale ressursane vert utnytta på best mogleg vis. Det er nærliggjande å meina at ein felles leiar med ansvar for, og kunnskap om, heilskapen i det einskilde embetet er den som har dei beste føresetnadane og størst vilje til å skjøtta den oppgåva.

Departementet syner i høyringsnotatet til at regjeringa har auka løyvinga til domstolane i statsbudsjettet for 2022 med det siktemål å utnemna fleire embetsdommarar og redusera talet på dommarfullmektigar i dei mindre domstolane. Isolert sett vil det kanskje gjera dei mindre domstolane mindre sårbare ved sjukdom og inhabilitet, men det løyser ikkje utfordringa med manglande fleksibilitet i ressursutnyttinga. Tvert om kan det gjera utfordringa større ved at meir ressursar vert bunde opp i små domstolar som ikkje treng dei.

Departementet ber høyringsinstansane vurdera forslaga om endringar i regelverket, og gje innspel til korleis ei ordning med felles saksinntak kan innrettast og foreslå eventuelle andre tiltak som kan iverksetjast for å betra ressursutnyttinga. Departementet ber óg om høyringsinstansane sine innspel til korleis mindre domstolar kan styrkast for å gjera dei mindre sårbare. Etter vårt syn er det beste og mest effektive tiltaket å oppretthalda noverande struktur. Erfaringane so langt syner at strukturendringa allereie har gjeve ei meir fleksibel og betre ressursutnytting, og gjort dei minste rettsstadene mindre sårbare ved til dømes sjukdom og inhabilitet. Det har óg kome i gang ei rekkje tiltak som på sikt vil gje sterkare fagmiljø. Me finn det difor paradoksalt at departementet no ber om nye innspel og forslag for å løysa utfordringar som nettopp er løyst gjennom strukturreforma.

DA sitt forslag om å lovfesta og sikra verksemda på mindre rettsstader

DA har i sitt høyringsvar kome med fleire forslag til korleis ein kan oppretthalda og sikra verksemda på mindre rettsstader.

Konkret foreslår DA å lovfesta den noverande strukturen slik at den berre kan endrast av Stortinget etter ordinær lovhandsaming. Vidare fremjar DA forslag om å lovfesta at domstolleiar og nestleiar som hovudregel ikkje skal ha fast kontorstad på same rettsstad. DA foreslår óg å lovfesta prinsippet om at saker skal gå på rettsstaden der dei geografisk høyrer heime. Det same gjeld prinsippet om likeverdig ressursfordeling mellom rettsstadane i ein rettskrets og stillingsgarantien for dei mindre rettsstadene som no er nedfelt i førearbeida til reforma.

Me støttar forslaga som samla sett vil sikra drift og ressursar til mindre rettsstader og hindra at dei over tid vert utarma og nedlagde. Forslaga vil óg innfri regjeringa sitt uttrykte ønskje om å sikra god rettstryggleik og tilgjengelege tenester for innbyggarane i heile landet.

Prosessen knytt til reversering

Det går klårt fram av høyringsnotatet at regjeringa sitt klåre utgangspunkt er at strukturreforma frå 2021 skal reverserast og at unntak berre kjem på tale der noverande struktur har brei støtte hjå domstolleiar, kommunar og tillitsvalde i rettskretsen. Regjeringa har i høyringsnotatet sagt at dei på bakgrunn av høyringssvara vil gjera ei konkret, heilskapleg vurdering av om det ligg føre reell lokal forankring om å vidareføra dagens struktur.

Prosessen Regjeringa har lagt opp til har fått mykje og sterk kritikk. Kjernen i kritikken er at organiseringa av den tredje statsmakt i ein rettsstat ikkje bør overlatast til lokale styresmakter, arbeidstakarorganisasjonar og eit utval domstolleiarar slik regjeringa sitt forslag i realiteten går ut på. Me er samde i kritikken. Spørsmålet om kva struktur domstolane skal ha må avgjerast av Stortinget, og på eit langt breiare grunnlag og basert på heilt andre og meir overordna omsyn enn regjeringa har lagt opp til i høyringsnotatet.

Kostnadane med reversering

DA har i sitt høyringssvar anslått at ei reversering vil kosta tilsaman 115 millionar kroner, der 50 millionar er varige lønnskostnader og 65 millionar investeringar. Dette kjem i tillegg til dei 80 millionane som var kostnaden med domstolreforma i 2021. Med tanke på at me går inn i eit tid med mindre økonomisk handlingsrom der regjeringa allereie har signalisert at det må strammast inn, er det ikkje tida for å pådra kostnader av denne storleiken. Særleg fordi det kan få store langsiktige og uheldige konsekvensar for den løpande finansieringa av domstolane og for rettsstaten.

Like urovekkjande er det at ei reversering vil krevja svært mykje ressursar frå DA og dei involverte domstolane. Noko som vil medføra at heilt sentral utvikling knytt til modernisering og digitalisering må setjast på vent. Ikkje minst gjeld det arbeidet med dei sentrale spørsmåla knytt til domstolane si rolle, forvaltninga av domstolane og arbeidsprosessane i domstolane som Domstolkommisjonen peika på og drøfta i NOU 2020: 11 «Den tredje statsmakt – Domstolene i endring». Dette er grunnleggjande og viktige spørsmål som det hastar å utgreia vidare og ta stilling til for at domstolane skal fylla si sentrale rolle i rettsstaten.

Høyringssvaret er sendt på vegne av den samla leiargruppa i Gulating lagmannsrett.

Bergen 22. april 2022

Magni Elsheim

førstelagmann