Høringssvar fra Fellesrådet for Afrika
Evaluering av LLR - utviding av rapporteringssystem, harmonisering og materialitetsgrense-fjerning
Fellesrådet for Afrika takkar for høvet til å levere høyringsinnspel på Deloitte si evaluering av LLR-regelverket. LLR er eit verktøy opphavleg utforma for å synleggjere uønska, aggressiv skatteplanlegging. Som Mbeki-kommisjonen for kapitalflukt frå det afrikanske kontinentet konkluderte med i 2016 er finansielt hemmeleghald eit afrikansk problem med globale løysingar. Det påkviler difor Norge eit ansvar å gå i front for å skape ein rapporteringsmal som fungerer etter formålet og let seg eksportere internasjonalt.
Vi viser til Tax Justice Network - Norge og Publish What You Pay Norge sine høyringsinnspel, som i stort oppsummerer Fellesrådet for Afrika sine innvendinger. Vi tillet oss likevel å summere vårt hovudbodskap og innspel til det vidare arbeidet med rapporteringa.
1. Rapporteringskretsen må utvides for at LLR skal fungere etter sitt opphavlege formål om å hindre aggressiv eller ulovleg skatteplanlegging. Det er synd at evalueringa ikkje tek stilling til dette, gitt signal frå departementet. Samtlige sektorar bør innlemmas i rapporteringa.
2. Vi støtter PWYPs forslag til korleis smutthol i rapporteringa kan tettast.
3. Endringar i rapporteringa bør på dette tidspunktet handle om harmonisering, vegleiing og tydeleggjering, ikkje oppsplitting etter delformål.