Forsiden

Høringssvar fra Stord kommune

Dato: 12.11.2020

Svartype: Med merknad

Høyringssvar frå Stord kommune

1. Det vert foreslått å leggje eit rammeverk for korleis kommunane kan gjennomføre fritt brukarval. Dette er bra. Kommunane står framleis fritt til å velja om dei vil gjennomføre fritt brukarval, og i så fall kva tenester som skal omfattast av tilbodet. Leverandørane får og høve til å tilby ekstra tenester ut over det ordinære, som vil vera eit godt tilbod til brukarane.

2. Rekruttering av kvalifisert arbeidskraft er og blir ei utfordring i helse og omsorgstenestene, og dette vil verta ei stadig større utfordring med ei aukande eldrebefolkning. Ved fleire leverandørar av tenester vil det bli auka konkurranse om kvalifiserte medarbeidarar. Totalkompetansen vert spreidd på fleire, og alle som tilbyr tenester blir dermed sårbare. Med dei rekrutteringsutfordringane me allereie har, ser me det som ein risiko å leggja ut personretta tenester (heimesjukepleie). Dersom modellen skal prøvast ut bør me starta med andre områder, som husvask og handling.

3. Det vil vera ein risiko for at kommunen endar opp med dei mest komplekse brukarane. Det går fram av høyringsnotatet at kommunen må ha eit tilbod i eigenregi for dei som ikkje kan eller ynskjer å velje, eller som er i ein overveldande og krevjande livssituasjon. Å handtere store variasjonar i etterspurnad av tenester vil vera ei utfordring i høve bemanning.

4, I høyringsnotatet vert det hevda at fritt brukarval ikkje vil medføre nye kommunale kostnader. Dette stiller me oss undrande til. Førebuingar og oppfølging av fritt brukarval vil kosta. Kommunen må etablera ein prismodell. Vidare skal annonsering og godkjenning føregå kontinuerleg, samstundes som kommunen skal følgje opp leverandørane m a med internkontroll og tilsyn. Dette vil føra til auka oppgåver både ved det kommunale tildelingskontoret, økonomiavdelinga og på innkjøp.