Forsiden

Høringssvar fra Fylkeseldrerådet i Vestland,v/Lynngård v/V fylkeskommune

Dato: 26.11.2020

Svartype: Med merknad

Fylkeseldrerådet i Vestland vedtek å gi følgjande uttale:

St.meld.15 ( 2017-2018 ) «Leve heile livet» en kvalitetsreform for eldre, reiser krav om eit eldrevenleg samfunn.

Høyringsnotatet om fritt brukarval viser at det er større behov for betring av innhald og kvalitet i omsorgs- og helsetenester enn fleire kommunar kan tilby.

Dette skuldast bl.a. svak økonomi, manglande og kvalifisert kompetanse og manglande samhandling mellom dei ulike tenestene.

Høyringsnotatet om fritt brukarval godtgjer ikkje at dette tiltaket vil kunne løyse dei grunnleggande problema den veksande eldregruppa vil ha med å få godt tilpassa individuelle tenester, i heimen eller i institusjon.

Ordninga skal finansierast av ordinære budsjettmidlar som kommunane treng til alle typar tenester og oppgåver dei er pålagt.

Kommunane skal ha ansvar for å kvalitetssikre og godkjenne tilbydarane som skal tilby svært ulike typar tenester. Dette betyr at kommunane må ha tilstrekkeleg kompetanse og omfang i slike funksjonar, noko som blir krevjande og dyrt.

Deler av dei skattefinansierte velferdstenestene blir på denne måten overført til private aktørar som skal overta viktige deler av kommunane sitt tenestetilbod, som dei likevel er ansvarlege for at innbyggjarane får, i tråd med lovpålagte krav.

I høyringsnotatet står det : «Kommunal avtale med private leverandørar medfører ikke uten videre fritt brukervalg».

Det kan sjå ut som dette kan medføre at det berre er dei «lønsame» brukarane som kan bli «slusa ut» til den private delen av tenesta. Parallellen til dette kan vi sjå i den private delen av helsetenesta der dei krevjande pasientgruppene/risikopasientar ikkje får tilbod.

Notatet viser ikkje på ein overtydande måte, sett ut frå eldre sin ståstad, at dei påståtte fordelane vil vere tilstades og bli til det beste for eldre som gruppe. Reelle forbetringar må kunne vere godtgjort for at eldrerådet i Vestlandet skulle kunne gi si tilslutning til forslaga i høyringa.

Dette er ikkje gjort greie for på ein tilfredsstillande måte.