Forsiden

Høringssvar fra Aurland kommmune

Dato: 11.12.2020

Svartype: Med merknad

Aurland kommune ynskjer ikkje at det vert innført fritt brukarvalg. Erfaringane frå Sverige peikar mot at tenestene ikkje blir betre. Dette vil heller føre til at ein kommune som Aurland med i underkant av 1800 innbyggarar må bruka ressursar på kontroll av tenestene dei private leverar. Når helse og omsorgstenestene vert oppstykka og delt mellom fleire leverandørar, blir det vanskeligare å samarbeide om å levere gode heilskapelege tilbod som er tilpassa den enkelte brukar. Dermed brukar med meir peng på byråkrati i staden for å bruke pengane til å levere gode tenester. Me fryktar også at dette kjem til å skape store forskjellar mellom store byar og mindre tattstadar. Aurland kommune oppmodar derfor regjeringa om å legge vekk dette forslaget og heller fokusere på løysingar som styrkar velferdsstaten.