Høring av forslag om oppheving av vannscooterforskriften

Høringssvar fra Radøy kommune

Høyringssvar til forslag om oppheving av vannscooterforskrifta

Dato: 02.03.2017
Svartype: Med merknad

Radøy kommune har følgjande merknader til Høyring om oppheving av Vannskooterforskrifta:

  • Radøy kommune er skeptisk til å oppheva vannskooterforskrifta. Skooterane har høgt farts- og støynivå, som ofte er både farefullt og til sjenanse.
  • Dersom forskrifta vert oppheva, så ber Radøy kommune Regjeringa saman med KS om å arbeida vidare med ordningar som sikrar fornuftig samspel mellom vannskooterar og andre omsyn. Me ønskjer ikkje mange lokale forskrifter, då sjøområda grensar mellom kommunane. Me meiner dette  gjer det vanskeleg for folk å halda seg orienterte om ulike regelverk. Det vert også vanskeleg å handheva.
  • Radøy kommune viser til at ei rekkje friluftslivsorganisasjonar har forfatta ei 8-punkts liste som byggjer oppunder å avvisa framlegget til forskrift. Radøy kommune deler mange av desse vurderingane.
  • Samstundes har Radøy mange vannskooterar, og me trur ikkje forbod er løysinga.  Radøy kommune er oppteken av at statlege og kommunale styresmakter saman arbeider for eit betre samspel mellom vannskooterkøyring og omsynet til dyr, sjøfugl og fisk, og vidare bading og friluftsliv mm. Radøy kommune peikar på at også uvettig fritidsbåttrafikk gjev same utfordringar som uvettig vannskooterbruk.