Høring av forslag om oppheving av vannscooterforskriften

Høringssvar fra Stølsheimen verneområdestyre

Uttale til høyring på forslag om oppheving av vannscoterforskrfiten

Dato: 03.03.2017
Svartype: Med merknad

Stølsheimen verneområdestyre gjev fylgjande uttale til høyringa:

Vasskuter er med og aukar støy frå motorisert ferdsel. Dette køyretøyet er i hovudsak til bruk i leik, og i liten grad til nyttetransport. Oppheving av forskrifta som er gjeldande i dag, vil truleg føra til auka aktivitet, og større trong for kontroll. Kvar kommune må vurdera forskrift for eigne farvatn, og dette kan føra til stor skilnad mellom kommunar. I Stølsheimen landskapsvernområde er Finnafjorden med i verneområdet. Oppheving av vasskuterforskrifta vil kunne føra til ei uheldig utvikling av motorferdsel og støy i dei tronge fjordane. Med dagens lovverk, må vasskuter køyra sakte i det meste av fjorden innafor verneområdet, noko som truleg medfører mindre interesse for bruk av vasskuter i dette områda. På denne bakgrunn meiner Stølsheimen verneområdestyre at dagens forskrift om vasskuter ikkje bør opphevast.