Høringssvar fra BSI Padling

Høyringsfråsegn til forslag om oppheving av vasskutarforskrifta

Dato: 22.03.2017

Svartype: Med merknad

Høyringsfråsegn til forslag om oppheving av vasskutarforskrifta

Bergensstudentenes Idrettsforbund, padling (BSI-padling) er Vestlandets største padleklubb med meir enn 300 medlemmar. Klubben driv med havpadling på heilårsbasis og nyttar store delar av kysten, både skjerma farvatn innaskjærs og eksponert farvatn midtfjords og yttaskjærs. Havpadling er ein unik form for friluftsliv då ein kjem svært tett på naturen og dyrelivet til sjøs. Havpadling har blitt ein folke(helse)sport nettopp på grunn av dette og stadig fleire går til innkjøp av kajakk for å drive rekreasjonspadling nær land. Føremålet med vasskutarforskrifta som den er i dag, er å unngå uro, utryggleik og støy av omsyn til natur og friluftsinteresser. Grunngjevinga for å oppheve forskrifta er at vasskutar bør sidestillast med motorbåtar. Men det er ein vesentleg skilnad mellom vasskutar og båt. Båttrafikk dreier seg i hovudsak om transport frå A til B, medan køyring med vasskuter, slik praksis er i dag, er rein motorsport med svært uforutsigbar køyring. Dette skaper store konfliktar med badande, padlande, dyreliv og øvrig naturmangfald ved sjøen. Kajakkpadlarar er blant sjøens mjuke trafikantar og har lært seg å ta omsyn til skipsleier, vike for båtar, gjere seg synlege og drive med risikovurdering av alle våre aktiviteter, men i møte med vasskutarar opplev vi utrygge situasjonar stadig oftare. I Bergensområdet  har det vore fleire tilfelle av uvettig køyring med vasskuter som har satt folk og fugl i fare. 

I Noreg har vi ein politikk og eit lovverk for å fremja det tradisjonelle friluftslivet gjennom friluftsloven som har til formål:

"å verne friluftslivets naturgrunnlag og sikre allmenhetens rett til ferdsel, opphold m.v. i naturen, slik at muligheten til å utøve friluftsliv som en helsefremmende, trivselskapende og miljøvennlig fritidsaktivitet bevares og fremmes."  (Lov om friluftslivet, §1)

Eit frislepp av motorsport, som vasskutarkøyring, i natur- og friluftsområde vil vere i konflikt med friluftslova og gå på bekostning av andre rekreasjonsaktiviteter, sårbare sjøfuglbestander og dyreliv til sjøs. Ved å oppheva dagens forskrift vil ein svært truleg oppleva meir køyring i høge hastigheiter nær land, noko som aukar risikoen for påkjørsler og konflikter med padlarar. Frislepp av vasskutarar er lite berekraftig politikk som vil gagne få, og øydelegge for veldig mange.

Det er ikkje realistisk at kommunane vil få på plass eit regelverk knytt til vasskutarkøyring som sikrar omsynet til natur og friluftsliv i same grad som dagens vasskutarforskrift. Ettersom kommunane må nytte fleire ulike forskrifter og lovheimlar for å regulere vasskutarkøyringa vil det medføre eit fragmentert og uoversiktlige regelverk som det vil ta svært lang tid å få på plass. Resultatet kan bli at mange kommunar blir ståande utan regelverk for vasskutarkøyring, og det vil bli store skilnader i regelverket mellom kommunane. Eit stort tal ulike lokale forskrifter er vanskeleg å formidle til brukarane og krevjande å handheva for dei som skal føre kontroll og tilsyn. Om vasskutarforskrifta mot formoding skulle bli oppheva bør ein  opne for å skilje vasskutarar frå andre fritidsbåtar i lokale farts- og ordensforskrifter slik at det vert mogleg for kommunane å stille særskilte krav til vasskuterar. Men det bør veie tungt at Miljødirektoratet (i tilråding til departementet 20.mars. 2015) frarår å oppheve dagens regelverk.

BSI-padling oppmodar med dette på det sterkaste til å behalde dagens vasskutarforskrift.