Høringssvar fra Gunvor Slaatto
Min borgarplikt er å delta i den offentlege samtala. Som det sjølvstendig, kritisk tenkande menneske eg er, med over 40 års fartstid i helsearbeid, har eg desse innvendingar til høringsnotatet:
- Det er kritikkverdig å bringe inn begrepet "overvåking" slik regjeringa bruker det i formålet med influensaregistrering. Å knytte begrepet "overvåking" til registrering av influensa er uheldig fordi det kan gripe inn i einskildmennesket sin integritet og borgarrett. Det rutinemessige registreringssystemet som allereide er i bruk, er tilstrekkeleg.
- Det er lite ønskeleg å operere med "pandemi"-begrepet i influensasammenheng. Det forstyrrar forståelsen av normale fenomen som kjem og går. Norge har tilstrekkeleg beredskap i helsevesenet til å ivareta slike oppgaver.
- Det er ikkje hensiktsmessig å knytte håndteringen av covid-19 pandemien opp mot behov for ein særleg infrastruktur før ei influensaperiode starter av grunnar nemnt ovanfor.
Livskvalitet er mangfald utover å vera navlebeskuar eller fryktdyrkar.
"Vi bør frykte frykten" er headingen til professor i filosofi Einar Øverenget i kroniken NRK 14. september 2020:
https://www.nrk.no/ytring/vi-bor-frykte-frykten-1.15150428
Frykt lammar den sjølvstendige tanke- og vurderingsevna og dermed begrensar den aktiv deltaking som borgar i vårt demokrati.