Høringssvar fra Anonym

Dato: 05.03.2019

Graviditet er ein tilstand kun kvinner kan gå gjennom. Det er ein omfattande tilstand som grip inn i ei kvinne sitt liv både under og etter ein graviditet. I tillegg til den fysiske belastninga ved å vere gravid er det å få og oppdra barn eit stort ansvar, og kan av nokre kvinner avhengig av livssituasjon og eigen opplevelse følast som ei stor påkjenning.

Fosterreduksjon og abort er ei medisinsk prosedyre som gjev kvinner råderett over eigen kropp, og kva denne skal brukast til. Det er ein heilt grunnleggande menneskerett å bestemme over eigen kropp. Ei kvinne sin kropp står aldri til disposisjon for samfunnet eller andre menneske sine etiske og religiøse synspunkt - den tilhøyrer kun kvinna sjølv, uansett medisinsk tilstand (herunder graviditet).

Å nekte eller vanskeleggjere for kvinner ei medisinsk prosedyre med argumentasjon i eigen religion eller etiske syn er umoralsk. Å meine at ein som samfunn har rett til å bestemme over nokon sin kropp i kraft av at denne er ei gravid kvinne er i strid med enkeltmennesket sine rettar. Å tvinge fram eigne synspunkt og etiske ståstad på akkord med ein stor andel av folket i eit demokrati er rett og slett feil.

Med dette forslaget til endring i abortlova vil lovverket bevege seg bakover i tid og haldningar, og stille seg på akkord med ein stor andel av folket.