Høringssvar fra Magnhild Hoddevik

Dato: 21.03.2019

Dette forslaget er eit alvorleg brot på retten til sjølvbestemmelse ved abort.Det viser stor mistillit til kvinna sine moralske og etiske evner til å bestemme kva som er best for henne og familien hennar.

Forslaget gir sterkare rettsvern til foster som er eitt av fleire, enn til foster som er åleine. Dette er ulogisk. I tillegg kan det føre til at kvinner vel å abortere fleire foster, ikkje berre eitt.

Svangerskap og fødsel er det mest risikofylte ei kvinne vert utsett for i løpet av livet. Tvillingsvangerskap er risikosvangerskap, med auka risiko for fleire tilstandar, og auka belastning på kroppen. Også etter fødsel er det større belastning på helsa til mor, og ei større økonomisk belastning for familien. Det er berre kvinna – ikkje nemnda eller regjeringa – som kan vurdere kva desse ekstra belastningane utgjer for henne. Kjell Å. Salvesen ved senter for fostermedisin har også vore tydeleg på at dei kvinnene som har fått utført fosterreduksjon ved tvillingar har hatt gode grunnar og ville også fått det innvilga i nemnd.

Vi kan ikkje godta ein situasjon der kvinner må møte i nemnd for å forsvare ein rett vi har hatt i 40 år.

Norske myndigheiter har forplikta Noreg til å gjennomføre FNs internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK). Etter menneskerettslova gjeld ØSK som norsk lov. Det følgjer av General Comment nr. 22 til ØSK art. 12 at helserettar, herunder reproduktive rettar, ikkje skal bli trekte tilbake eller innskrenka på grunnlag av skiftande oppfatningar om god moral.

Regjeringa sitt forslag, og prosessen i forkant av dette der statsministeren tok i bruk abortlova som forhandlingskort, føyer seg inn i ein global trend med angrep på kvinners rettar. Det vert ført kvinnefiendtlig politikk frå ei rekkje kristenkonservative og høgrenasjonalistiske regjeringer verda over, også i mange europeiske land. Nemndbehandling av fosterreduksjon kan vere første trinn mot ei meir restriktiv abortlovgjeving også i Norge.